NRK Meny
Normal

No vil Solhjell handsame Engebø-saka sjølv

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell (SV) er sjølv frå Naustdal og har ope flagga at han er imot eit sjødeponi i ein nasjonal laksefjord. Likevel har han no komme fram til at han ikkje er ugild, og at han vil handsame saka sjølv.

Bård Vegar Solhjell

TEK SAKA SJØLV: Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell vil sjølv handsame saka frå Nordic Mining.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Eg har ikkje bindingar i form av vennskap eller økonomiske omsyn, og det diskvalifiserer ikkje ein poligikar å ha ei meining om ei sak. Det betyr ikkje at eg ikkje vil leggje vekt på faglege moment som kjem på bordet, seier Solhjell til firda.no.

Solhjell fekk søknaden frå Nordic Mining om gruvedrift i Vevring og sjødeponi i Førdefjorden i fanget då han tok over som miljøvernminister etter Erik Solheim, som mot sin vilje måtte forlate statsrådposten.

Garantist for rein fjord

Sidan Solhjell har sagt at SV skal vere garantist for ein rein fjord, sa han at han ville få habiliteten sin nøye vurdert då han tiltredde som miljøvernminister.

– Noko av det første eg skal gjere er å be departementet avgjere om eg er habil til å behandle den saka. Det gjer eg fordi et har uttalt meg om denne saka før. No ber eg lovavdelinga i Justisdepartementet om å sjekke dette, sa Solhjell til NRK.no då.

Har vurdert nøye

Ifølgje Firda har no habilitetsspørsmålet vorte vurdert, og konklusjonen er at Solhjell kan halde fram med saka.

Gruvesaka er no til handsaming i Miljøverndepartementet.

– Eg har vurdert saka nøye og innhenta råd frå mellom anna Justisdepartementets lovavdeling. Konklusjonen er at eg ikkje er inhabil, og eg vil difor handsame aka som statsråd, seier Solhjell til avisa.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser