NRK Meny
Normal

«Det er ikkje slutt no. Det er berre så vidt begynt»

Bård Vegar Solhjell (SV) skildra sjødeponiet i Førdefjorden som den viktigaste miljøkampen då han i dag tala til deponimotstandarane i Vevring.

Bård Vegar Solhjell

KAN VINNE: Bård Vegar Solhjell (SV) meiner motstandarane kan vinne deponikampen. – Eg trur at vi kan hindre eit sjødeponi utanfor Vevring. Den viktigaste grunnen til det er det sterke engasjementet mot det i Sunnfjord, det sterke engasjementet frå miljøinteresserte og at dette kan bli den neste Lofoten-saka i Noreg som verkeleg engasjerer folk på miljøsida, seier han.

Foto: Bård Siem / NRK

Som miljøvernminister sette Bård Vegar Solhjell (SV) i gang fleire utgreiingar om følgjene ved eit sjødeponi då han utsette avgjerda i 2013.

I dag vart han møtt av 40 demonstrantar då han kom til bygda ved Førdefjorden.

– Stemninga ber preg av vedtaket, men det er ikkje over. SV og andre vil føre kampen vidare. Dette blir kanskje den viktigaste miljøsaka i åra som kjem, seier han.

– Ei viktig sak

Solhjell lova å ikkje halde noko lang tale, men etter den ni minuttar lange talen fekk han god respons frå dei frammøtte. Regjeringa sitt vedtak om å la Nordic Mining starte rutilutvinning i Engebøfjellet har vekt sterke reaksjonar.

Heller ikkje stortingsrepresentant Solhjell likar at 250 millionar tonn gruveavfall skal deponerast i Førdefjorden.

– Dette er ei sak som er viktig for meg. Eg er frå Naustdal, men så er dette også ei sak der kunnskapen vi har er overkøyrd. Det er veldig gode miljøargument mot og vi har ein nasjonal laksefjord her, seier Solhjell.

Allianse av motstandarar

I Eid har ordførar Alfred Bjørlo (V) sagt han vil vere med i ein lenkegjeng for å hindre sjødeponiet. Så langt er ikkje stortingsrepresentant Solhjell villig å gå.

Bård Vegar Solhjell og Heikki Holmås i Vevring

VEVRING: Bård Vegar Solhjell og Heikki Holmås, begge stortingsrepresentantar for SV, møtte i dag deponimotstandarar i Vevring. – Det er merkeleg at ikkje regjeringa sine ministrar har vitja bygda før vedtaket. Dei burde kome og treft lokalbefolkninga, meiner Solhjell.

Foto: Bård Siem / NRK

– På Stortinget har eg Noregs beste moglegheiter og talarstolar til å overvinne med andre midlar. Eg kan røyste, fremje framlegg og gå ut. Det er det eg vil gjere, seier han og likevel ynskjer ein allianse av motstandarar væpna med ulike verkemiddel.

– Nokre av oss på Stortinget, andre med å vinne valet i Naustdal for SV og andre som er i mot. Nokre sikkert med å lenkje seg fast og bruke sivil ulydnad. Andre med å skrive i avisene og gjere andre ting, seier han.

– Overkøyring

SV, Venstre, KrF og Miljøpartiet dei Grøne har sagt at dei er i mot. Dei ynskjer saka inn på Stortinget.

Deponimotstandarar i Vevring

MOTSTAND: Kring 40 frammøtte stilte med både plakatar og t-skjorter som tydeleg tala mot sjødeponiet.

Foto: Bård Siem / NRK

Ser ein denne oppslutnaden opp mot Arbeidarpartiet, Senterpartiet og regjeringspartia Høgre og Frp, kan det bli ein vanskeleg kamp.

– Veldig mange i Arbeidarpartiet og Senterpartiet er i mot, men kanskje viktigast er at eit klart fleirtal av folk i Sunnfjord er i mot. Og regjeringa skal ikkje få køyre over Sunnfjord og miljøet. Dei må lytte til kunnskap, seier Solhjell.

Trengde meir kunnskap

– Som miljøvernminister kunne du sagt nei. Du kunne sett hardt mot hardt og gått ut av regjeringa om du ikkje fekk det som du ville. Kvifor gjorde du ikkje det?

– Hadde vi gått ut, så hadde to parti som var positive sete att. Det ville vore eit dårleg alternativ for Vevring.

– Vi trengde meir kunnskap, og det er den kunnskapen miljødirektoratet og andre har brukt til å seie nei. Problemet no er at vi har ei ytterregjering av Høgre og Frp som har lovd seg bort på at dei skal gjere det uansett, avsluttar han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.