Hopp til innhold

Optimistisk Solheim håpar å vere tilbake over sommaren

Mats Solheim (28) har ikkje snøring på korleis det skjedde, men faktumet er vanskeleg å komme frå: Stryningen har fått sin andre langtidsskade.

Mats Solheim

OPTIMIST: Mats Solheim er innstilt på å måtte halde seg på sidelinja til over sommarferien. – Samstundes er det moro å sjå at laget er på rett veg, spelar god fotball og tek poeng, seier 28-åringen.

Foto: Privat

– Det er ekstremt kjedeleg å vere med på heile oppkøyringa i tre-fire månader, spele ein cupkamp og så vere ute med skade når dei morosame kampane byrjar, sukkar fotballspelaren.

Laurdag sat Mats Solheim på tribunen då «norske» Hammarby spelte uavgjort heime mot nyopprykka, og førebels serieleiar, Jönköping.

Laster innhold, vennligst vent..

Eskalerte kraftig

Slik må stryningen følgje lagkameratane sine dei neste månadane. I beste fall til over sommarferien. Årsaka er ein bruskskade i kneet som treng kvile.

HELSINGBORG-HAMMARBY WEB_SPORT

UTE: Stryningen Mats Solheim har på nytt fått ein langtidsskade. – Det er frustrerande å ikkje vite korleis eller kvifor eg vart skadd, vedgår han.

Foto: BJÖRN LINDGREN /TT Nyhetsbyrån, Björn Lindgren/TT / TT NYHETSBYRÅN

Når skaden kom, er det ingen som veit.

– Den er resultat av ein smell, men når og korleis veit eg ikkje. Det er taklingar og smellar i hytt og pine. I mitt tilfelle eskalerte smertene i kneet kraftig på ei veke. Frå stikking til at det var heilt uråd å trene, fortel 28-åringen.

– Aldri kjekt

Hammarbys sportssjef, Mats Jingblad, seier til klubben sine nettsider at han håpar å ha backen tilbake om nokre månader.

Laget som i 2001 vann både serien og cupen, gjorde comeback i Allsvenskan med 11. plass i fjor. I år vil dei klatre på tabellen i eit forsøk på å på sikt kjempe seg heilt opp att i toppen av svensk fotball.

– Det er aldri kjekt for ein spelar eller eit lag å bli råka av ein slik type skade, men vi reknar med å ha Mats tilbake etter sommaren, seier Jingblad.

– Ingen garanti

Det håpar også stryningen sjølv.

– Men det er ikkje garantert. Det kan bli lenger, og fungerer ikkje dette så kan det bli operasjon. Og då blir eg endå lenger vekke. Det ligg i bakhovudet, held 28-åringen fram.

I ni-ti veker har stryningen gått med ortose på kneet. Han har ikkje kunne sykle, svømme eller springe, men trena alternativt.

Ikkje første gang

– Planen er å belaste kneet meir og meir. No spring eg litt på «tjukkasen», og om nokre veker er tanken å springe og trene med ball, seier han. Det er ikkje første gang Solheim er langtidsskadd i Sverige.

Ein korsbandsskade spolerte debutsesongen med Kalmar , medan han avslutta med å spele fleire kampar med brot i handa .

– Eg har så lyst til å spele og ikkje miste plassen i laget. Då bit eg i meg det meste. Eg må nok bli flinkare til lytte til kroppen, seier han.

Solheim har funne seg godt til rette etter at han bytta Sogndal og norsk fotball med Kalmar og svensk fotball i 2012 . Kontrakten med Hammarby går ut neste sesong. Kva som skjer då er uvisst.

– No har eg berre fokus på å bli frisk att og kunne spele fotball att. Så får vi ta det derifrå.

Laster innhold, vennligst vent..