NRK Meny

Solheim tok sitt første E-cup poeng

Med 30.-plass i storslalåmrennet i tyske Oberjoch sikra Åge Solheim frå Haugen IL seg sitt første poeng i Europacupen. Han køyrde inn til ein 29.-plass i første omgang frå eit høgt startnummer, men ein stor feil i andre omgang gjorde at han ikkje avanserte.

– Eg er veldig nøgd med å ha tatt mitt første poeng i europacupen, trass i ein stor feil i andre omgang, seier Solheim til NRK. I det andre storslalåmrennet vart han nummer 33. Søndag køyrer han slalåm i Europacupen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.