NRK Meny
Normal

Solheim møtt av demonstrantar

Nokre få demonstrantar og plakatar møtte miljøvernminister Erik Solheim då han kom til Naustdal i føremiddag.

Erik Solheim og Frida Melvær

PÅ PLASS I FOSSSHALLA: Miljøvernminister Erik Solheim og Askvoll-ordførar Frida Melvær på plass i Fosshalla.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Miljøvernministeren skal seie ja eller nei til fjorddeponi i Førdefjorden og i dag er han på synfaring i Vevring.

Motstanden har vore stor i den vesle bygda over lengre tid. Det har vore demonstrert også tidlegare, og det blir også tilfelle når delegasjonen frå regjeringa kjem på besøk seinare i dag.

Nordic Mining vil utvinne mineralet rutil frå Engebøfjellet ved Førdefjorden. Mineralet blir nytta som kvitningsstoff i til dømes tannkrem og måling, og gruva i Naustdal skal gje 170 direkte arbeidsplassar.

Motstandarar og forkjemparar til stades

Dagen starta med eit informasjonsmøte i Fosshalla i Naustdal, der mellom anna representantar frå fiskeridepartementet, miljødepartementet og næringsdepartementet var på plass. Fleire interesseorganisasjonar sa meininga si om gruvedrift i bygda.

Salen i Fosshalla var full av folk under møtet. Erik Solheim var oppteken av kva som blir konsekvensane dersom dei går for eit fjorddeponi.

Havforskingsinstituttet har sagt at eit deponi der ein dumpar store mengder gruveavfall i fjorden, vil vere skadeleg for miljøet og at massane vil drive rundt. Utbyggjarane, kommunane og forskingsinstituttet NIVA har sagt at dette ikkje blir noko problem.

– Normalt med forskjellige synspunkt

– Kven vil du lytte mest til? NIVA, Havforskingsinstituttet, Fiskeridirektoratet eller andre interesseorganisasjonar?

– Eg skal lytte til alle. Det var viktig at alle fekk kome til orde og at alle viktige synspunkt fekk komme fram, seier Solheim til NRK.no.

Sjølv om dei mange faginstansane har til dels svært forskjellige syn på prosjektet, let ikkje miljøvernministeren seg uroe av det.

– Dette er normalt. Det er sjeldan eg vurderer ei sak der det berre finst ein fagleg konklusjon. Det er ein styrke at fagfolk legg fram ulike synspunkt, seier Solheim.

Faglege råd kjem før politikk

Ministeren har tidlegare varsla at han vil ha ei utgreiing om det er mogleg å få til eit landdeponi i staden for eit deponi i fjorden. Dette er noko av det viktigaste som skal skje i tida framover.

– Vi må også sjå på dei faglege vurderingane av sjødeponiet. Det er det som er den inste kjerne i saka. Vi må til dømes vite om eit sjødeponi er stabilt over tid, seier Solheim til NRK.no.

Han er samtidig heilt klar på at det er dei faglege råda som skal få styre avgjerda, ikkje partipolitikk.

– Det viktige er at vi er trygge på at dette prosjektet kan gå hand i hand med fisken i fjorden, seier Solheim som vil vurdere dei langsiktige miljøkonsekvensane for folk i området.

Vil hente inn erfaringar frå andre land

Solheim seier dei skal vurdere ein det moment framover og at Klima- og forureingsdirektoratet, Kliff, igjen skal vurdere eit landdeponi. Det skal også hentast inn erfaringar med fjorddeponi frå andre land.

Etter at informasjonsmøtet var slutt, reiste heile delegasjonen til Vevring. Der blir det omvising og Solheim får møte grunneigarar.

Informasjonsmøte i Fosshalla i Naustdal

INFORMASJONSMØTE: Det er mykje folk til stades på informasjonsmøtet i Naustdal.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.