Hopp til innhold

Ordføraren og rådmannen i Lærdal til Oslo for å få stadfesta lovnadene om hjelp

Mellom klokka 13 og 14 i dag møter ordførar Jan Geir Solheim og rådmann Alf Olsen jr. frå Lærdal kommunalminister Jan Tore Sanner i Oslo.

Erna Solberg besøker Lærdal

LOVA HJELP: Både statsminister Erna Solberg (her på synfaring i Lærdal) og kommunalminister Jan Tore Sanner har sagt at Staten skal hjelpe Lærdal med attreisinga etter storbrannen.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

På møtet vil dei fortelje statsråden korleis dei vil jobbe med gjenreising av husa som gjekk tapt i brannen 19. januar og om arbeidet med å få kjapt på plass vegar, vassforsyning og kommunikasjon.

Håpet er at dei på møtet får forsikringar om pengar frå Staten til dette arbeidet, seier rådmann Alf Olsen jr.

– Vi treng å få tilført ressursar akutt til dette arbeidet. Det er kanskje det viktigaste elementet. Vi er i ein situasjon der vi ikkje greier det utan hjelp frå nasjonalt hald. Vi har fått veldig sterke signal om at vi skal få det, så vi håpar at vi har det med oss når vi går frå møtet i dag.

Olsen vil ikkje seie kva sum dei meiner dei treng til gjenreisinga.

– Det er for tidleg å konkretisere det no, men vi vil be om ei startløyving til å handtere utgiftene til kommunen i første halvår.

Alf Olsen jr.

GREIER OSS IKKJE UTAN HJELP: Rådmann Alf Olsen jr. i Lærdal håpar å få med seg konkrete pengesummar ut frå møtet med kommunalministeren.

Foto: Kamilla Follevåg

Treng styrking

Lærdølene må ta eitt steg om gongen, seier Olsen.

– Vi er i gang med skule og barnehage, dei andre tenestene fungerer stort sett som dei skal. Det politiske arbeidet er i gang att, så må vi handtere det ekstraordinære i tillegg.

Han seier at Lærdal treng meir ressursar på planleggingssida, og kommunen må få styrka seg innan helse og psykiatri.

Jan Tore Sanner

HAR LOVA HJELP: Kommunalminister Jan Tore Sanner.

Foto: Arne Fenstad / NRK

Møter også Riksantikvaren

Kommunen har engasjert tidlegare fylkesrådmann Jan Øhlckers til å starte tenkinga kring eit attreisingsprogram.

I dag skal ordførar Jan Geir Solheim også ha eit møte med Riksantikvaren om stoda for verneområdet på Gamle Øyri.