«Mats er ein undervurdert spelar. Han er ein slik spelar du vinn ting med»

Mats Solheim og Hammarby er med i kampen om seriegullet i Sverige.

Mats Solheim

MYKJE Å JUBLE FOR: Mats Solheim og Hammarby har blanda seg inn i kampen om seriemeisterskapen i Allsvenskan.

Foto: Thérese Ny/TT / TT NYHETSBYRÅN

– Det har gått veldig bra så langt. Vi satsar skikkeleg denne sesongen, men det har nesten gått endå betre enn vi hadde håpa på, seier Mats Solheim.

Stryningen opplever for tida stor suksess i Allsvenskan. Det vart rett nok tap i førre kamp, men Hammarby ligg på andreplass i serien – eitt poeng bak AIK og med éin kamp mindre spelt. Og Solheim har stort sett spelt alle kampane.

– Det kan ikkje bli så mykje betre. Det er kjekt å få vere med når det går så bra, seier han.

Blir elska for innsats og haldningar av fansen

Solheim starta karrieren som spiss og toppscorar for Stryn. Deretter gjekk vegen vidare til Sogndal, der han vart omskulert til back. Etter nokre år i Kalmar enda han i 2015 opp i toppklubben Hammarby. Der er han no ein viktig mann i kampen om seriegull.

– Mats er ein undervurdert spelar. Han er dessutan veldig populær blant fansen, som elskar at han gir alt i duellane. Han er kjend for stor innsats og gode haldningar, seier sportssjef Jesper Jansson til NRK.

– Han er ein viktig klubbspelar. Det er optimalt ha slike typar i troppen. Han er ein spelar du vinn ting med. Mats er ikkje den største stjerna, men han bidreg mykje til laget, forklarer sportssjefen.

Mats Solheim

PÅ SOGNDAL: Mats Solheim vart omskulert til back i Sogndal. Deretter reiste han til Sverige for å halde fram karrieren.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Gira på gull, men det er langt fram

Etter fleire år som proff i Sverige, har Mats Solheim til gode å vinne noko stort med klubblaga sine – anna enn ein bronsemedalje med Kalmar. No er edlare metall innan rekkevidd, utan at han vil forskottere noko som helst.

– Meir enn halve sesongen står att å spele, men det er eit godt utgangspunkt. Og det er ein grunn til at vi ligg der vi ligg. Så det er på ingen måte umogleg, seier 30-åringen.

Kampen om seriegullet står truleg mellom AIK, Hammarby, Norrköping – dei tre laga som har fått ei lita luke i toppen av tabellen.

– Det hadde smakt godt med gull?

– Ja, då er det nesten så eg burde gi meg medan eg er på topp. Men vi får sjå. Det er lenge igjen, seier Solheim.

Laster innhold, vennligst vent..