NRK Meny
Normal

Han har ikkje teke skrekken av storbrann og mediestorm - Solheim vil ha fire nye år

Jan Geir Solheim vil halde fram som ordførar i Lærdal Han har sagt ja til å stå øvst på nominasjonslista til Senterpartiet.

Jan Geir Solheim

MANGE VILLE HELSE: På Lærdalsmarknaden var det mange som ville ha ein prat med ordførar Jan Geir Solheim.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK

Trass i eit verkeleg TØFt år vil han ha fire nye år i ordførarstolen. Det har vore mykje motgang, spesielt med storbrannen i vår og ein vanskeleg økonomi, men han vil ikkje gå frå eit synkande skip.

– Eg har gått lenge og tenkt på kva eg skal gjere. Det verste eg veit er folk som forlet problem. Og vi har problem, særleg med økonomien. Då synest eg det blir heilt feil om eg ikkje stiller meg til disposisjon, for det er ikkje på stellk i Lærdal no.

Lærdal har kledd seg til fest - den årlege Lærdalsmarknaden. 90 boder har fått plass i dei trange gatene på Øyri, og over 10 000 menneske myldrar mellom dei. Sola skin, og det gjer lærdølene og.

Odd Helge Brugrand og Jan Geir Solheim

DET SOM GJEKK TAPT: Solheim ser på ein modell av Sønneva Eri-huset, som Odd Helge Brugrand selde på marknaden.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK

– Mange jobbar like mykje

Ein skin ekstra sterkt, ordførar Jan Geir Solheim. Han har nettopp sagt ja til å stille til val for fire nye år. Men han vedgår at han er sliten.

– Jau, eg er veldig sliten innimellom. Men det er mange i Lærdal som jobbar like mykje som meg. Det har berre sett ut som eg jobbar meir fordi det er mitt ansikt folk har sett. på TV.

Er det nokon som fortenar å ta seg ein fest, så er det lærdølene. Alt dette her stod nemleg på spel natt til 19. januar i år. Og når Jan Geir Solheim spaserer mellom bodene på Lærdalsmarkaden kan han ikkje gå mange stega før nokon vil snakke med han.

– Eg har ein fart på om lag ti meter i timen, det er veldig låg fart, men det er litt av sjarmen. Eg treffer folk som har flytta ut, eg treffer folk som har sett meg på TV og liksom kjenner meg, og eg møter naboane mine i Borgund som eg ikkje har snakka med på månader. Det er moro.

Jan Geir Solheim

- DETTE ER MORO: Ordføraren trivst mellom folk på Lærdalsmarknaden.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.