Hopp til innhold

Solheim åtvarar Solund-politikarane

Miljøvernminister Erik Solheim ber politikarane i Solund om å ha respekt for folkerøystinga om vindkraft.

Miljøvernminister Erik Solheim

ÅTVARAR: Miljøvernminister Erik Solheim ber politikarane i Solund ha respekt for folkerøystinga om vindkraft.

Foto: Johansen, Erik / Scanpix

Måndag sa fleirtalet av innbyggjarane i øykommunen nei til vindkraftturbinar. No skal kommunepolitikarane seie sitt.

Til Bergens Tidende seier miljøvernminister Erik Solheim at han det vil vere å lure seg sjølve om ein trur ein skal få til vindkraft utan å ha folket med på laget.

– Politikarane i Solund kan ikkje late som om folket ikkje har talt, seier han til avisa.

Ope for tolking

Ordførar i Solund, Ole Gunnar Krakhellen, har tidlegare uttala at eit 50–50 resultat i den rådgjevande folkerøystinga vil kunne opne for tolking.

– Dette får vi tolke slik at det er ulike meiningar om dette. No ligg mandatet hos kommunestyret, og vi må vurderer fordelar og ulemper. Deretter må vi ta eit endeleg val, sa Krakhellen etter folkerøystinga.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vindpark på Sperrefjellet i Solund - Illustrasjon

SLIK KAN DET SJÅ UT: Det kan bli mange vindturbinar på Sperrefjellet.

Foto: Ask Rådgivning AS

– Bør vere ein vekkjar

Av dei som røysta sa 51,5 prosent nei til vindkraftutbygging, medan 46 prosent sa ja. Etter at stemmesetlane var talde, hadde 2,5 prosent røysta blankt om dei tre planlagde vindkraftprosjekta.

Fredag møter miljøvernministeren interesseorganisasjonar og dei største selskapa som er engasjerte i vindindustrien. Resultatet i Solund vil då bli tema.

– Etter mitt syn bør resultatet av denne folkerøystinga vere ein vekkjar. Eg er ein ivrig tilhengar av vindenergi, og meiner vi treng å satse stort på utbygging. Men vi må ha folk med oss. Elles får vi det ikkje til, seier han.

Solheim tek til orde for gode planar og presentasjon på ein slik måte at lokalbefolkninga trur på at slike kraftutbyggingar er til det beste.

Kart over vindparkar i Solund

TRE VINDPARKAR: Kartet viser områda der det er planlagd vindparkar. Raudt område: 2–3 vindmøller – Blått område: 39 vindmøller – Grønt område: 46 vindmøller

Foto: Asplan Viak