Kommunalminister Erna Solberg er kjend som ein ihuga forkjempar for kommunesamanslåing. Haldninga til ei mogleg samanslåing i Sunnfjord viste seg ikkje å vere noko unntak. Solberg meiner føremonene er mange.
- Målet er at mindre ressursar skal gå til administrasjon og meir til tenesteyting, slik at svakare grupper i lokalmiljøet til slutt blir vinnarane, var meldinga til folkemøtet tysdag kveld.
Folkerøysting
Vel 100 personar møtte fram på folkemøtet i Førde, der tema var mogleg samanslåing av dei fire sunnfjordkommunane Førde, Naustdal, Jølster og Gaular. I juni skal kommunane ta stilling til kor vidt det skal haldast folkerøysting om spørsmålet. Blir det ja, kjem folkerøystingane til å finne stad i september, same dag som kommunevalet.
Gir kompetanseheving
Solberg meiner samanslåingar gir meir robuste kommunar. Eit viktig argument for samanslåing i distrikta er i følgje kommunalministeren at det blir meir attraktivt å søkje seg til ein samanslått kommune. Dette er fordi ein større kommune tillet eit større og meir spesialisert arbeidsfelleskap. Dermed slepp dei tilsette i kommunen å sitje åleine med problema, og ein får tak i meir kompetente arbeidstakarar enn i små kommunar.
Tenk framover
Solberg meiner kommunane ikkje berre må tenkje på situasjonen i dag.
- Vi må hugse å sjå på framtidige utfordringar. I Noreg, og særleg i distrikta, gjeld det å vere med i konkurransen om kompetent arbeidskraft. Skal det vere attraktivt å bu og vekse opp ein stad, krever det at kommunane fungerer i større einingar enn i dag, seier Solberg.