Solberg sluttar i Marine Harvest

Etter over 30 år i Marine Harvest, sluttar Marit Solberg i konsernleiinga til Noreg sitt største oppdrettsselskap. Det melder selskapet på sine nettsider. Solberg har vore driftsdirektør for operasjonane i Canada, Skottland, Irland og Færøyane. Samstundes går selskapet over til å berre ha ein driftsdirektør i for opprett. Det blir Per-Roar Gjerde, med fortid i mellom anna Fjord Seafood og Domstein.