Hopp til innhold

Sola titta fram på Utkant

SKJERJEHAMN (NRK): Båt- og musikkfestivalen Utkant feirar tiårsjubileum med enorme mengder regn og surt ver, men då sola kom fram vart det sommarstemning i havgapet.

sol

SÅ VIDT SOL: Det har ikkje vore mykje sol i Gulen så langt, men då dette bilete vart teke kunne ein faktisk sjå ho.

Foto: Aleksander Åsnessol / NRK

– Sola var vel berre ute i ein halvtimes tid, men det var nok til at stemninga her i hamna steig fleire hakk, seier Ådne Matre Andersen.

Saman med brørne sine Odin og Sondre er han på Utkantfestivalen med ei 26 meter lang og seks meter brei skute som skil seg bra ut blant alle småbåtane i Skjerjehamn denne helga. Men masfjordingane veit å dele på goda.

– Det er greitt å ikkje opne heilt opp sidan denne båten er heimen til han som eig han, men stort sett får folk lov til å kome inn og feste med oss, seier Andersen.

gitar

TRUBADURAR: Brørne frå Masfjorden tek gjerne ein trall på skuta si på Utkantfestivalen

Foto: Aleksander Åsnes / NRK
  • Er du på Utkant? Merk gjerne bileta dine med #nrksf på Instagram. Vi trekkjer ut tre personar som får ein DAB-radio kvar

Båtane er sentrum

Og det er i båtane festinga går føre seg på denne særeigne festivalen i Gulen. Det er nesten ikkje mogleg å kome fram med bil i festivalhelga, men over tre hundre båtar i ulike storleikar har funne vegen.

båtare

MANGE BÅTAR: Det er rimeleg fullt i hamna i Skjerjehamn under festivalen.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Med mellom anna internasjonale artistar som Bob Hund, Veronica Maggio og The Dandy Warhols har festivalen eit solid musikkopplegg på høgde med dei fleste andre festivalar, men det verkar likevel som om det er båtlivet som er det største trekkplasteret for dei vel tre tusen besøkjande.

sherrif

GOD STEMNING: Sola lokka folk ut av båtane sine, og stemninga steig fleire hakk.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Vi er jo båtfolk her ute på kysten, så når vi kan kome på festival med båten er jo det heilt topp, seier brørne frå Masfjorden.

Tragisk dempar på idyllen

Konsertar og båtliv heilt ute i havgapet er sjølvsagt stor idyll, trass i alt regnvêret. Noko som derimot kanskje har sett ein dempar på idyllen i dag er det tragiske dødsfallet som skjedde i samband med festivalen i går kveld. Ein person som køyrde vekk ifrå festivalen i båt kolliderte med ein holme i fjorden, og døydde med ein gong.

– Det er klart det set sitt preg på festivalen, det var ein person mange her ute kjende godt. Festivalen held likevel fram som normalt, og for mange av festivaldeltakarane vil det nok ikkje ha så mykje å seie, seier Nina Kirca som driv sjølve serveringshamna på Skjerjehamn.