Hopp til innhold

Søkte med hund i huset til Veronica (22)

To kriminalteknikarar og ein hundeekvipasje undersøkte i dag huset til sakna Veronica Heggheim Stegegjerdet (22). I tillegg har politiet i Sogndal fått analysehjelp frå Kripos.

Søkte med hund i huset til Veronica

INGEN DRAMATIKK: Regionlensmann Asle Karoliussen seier det ikkje er noko dramatisk at to kriminalteknikarar og ein politihund i dag har saumfare bustaden til sakna Veronica (22).

Foto: MONTASJE: Sindre Sunde Tveit/privat

Som VG skreiv tidlegare i dag har politiet mellom anna brukt kriminalsøkshunden Fero i og rundt huset til den sakna. Regionlensmann Asle Karoliussen seier til NRK.no at dette ikkje er noko dramatisk.

– Det er heilt standard prosedyre i ei sak der vi ikkje kan sjå bort frå nokon moglegheiter. Huset har vore plombert med tanke på at vi skal kunne gå tilbake og gjere desse undersøkingane, seier han.

Karoliussen seier politiet har gått igjennom bustaden tidlegare.

– Men no gjer vi det skikkeleg, seier han.

Dei to polititeknikarane kjem frå eige politidistrikt, medan hundeekvipasjen er henta inn frå Hordaland.

– Dei har saumfare huset i dag, men vi har ikkje gjort noko funn, seier Karoliussen.

I tillegg har politiet i Sogndal i dag fått inn ein analyseekspert frå Kripos.

– Det går på den sakna sin PC og mobiltelefon og den aktiviteten vi kan lese ut av det, seier Karoliussen.