Søkt erstatning etter ulveangrep

Bønder i Naustdal og Høyanger har søkt om erstatning for 40 vaksne sauer og godt over 200 lam etter ulven som herja i sommar og haust. Ulven har ført til ein auke i talet på tap av beitedyr frå i fjor, seier viltforvaltar hos fylkesmannen, Hermund Mjelstad.