NRK Meny
Normal

Sokneprest meiner hat mot flyktningar er skammeleg

– Det er skammeleg og tragisk at planlagde asylmottak blir brende ned. Enkelte sitt hat mot flyktningar er forferdeleg, seier sokneprest i Førde, Kåre Bratten.

Kåre Bratten

Sokneprest Kåre Bratten meiner det er frykteleg at det må setjast inn vaktar for å unngå at planlagde asylmottak blir brende ned.

Foto: Bård Siem / NRK

Natt til søndag brann store deler av Hotel Lune Huler i Lindås ned til grunnen. Det skjedde eit drygt døgn etter at Norsk Mottaksdrift fredag fekk kontrakt på å starte mottak for mindreårige asylsøkjarar i bygget.

Politiet slår fast at brannen var påsett og eldspåsettinga blir hylla på nettet.

Bytt ut hat med omsorg og varme.

Sokneprest Kåre Bratten

No har Norsk Mottaksdrift skjerpa tryggleiken ved fire andre mottak der drifta enno ikkje komen i gang.

To av mottaka ligg i Hyllestad i Sogn og Fjordane, der dei nedlagde skulebygga i Leirvik og på Øn skal gjerast om til mottaksplassar for til saman 80 mindreårige asylsøkjarar. Allereie natta etter brannen i Lindås var ein eigen nattevakt på plass i Hyllestad.

– Det er svært tragisk og fyller ein med skam på vegner av medborgarane våre når asylmottak blir påtende på denne måten, seier sokneprest Bratten.

Kva trur du er årsaka til at denne type hat kjem for dagen?

– Det er vanskeleg å seie. Men det er klart det kan ligge ei uro, ei redsle, ein angst for det ukjende.

Kva er kyrkja og din bodskap i samband med at vi får mange nye flyktningar til landet vårt?

– Vi må ta imot dei med varme og kjærleik, og gje dei ein plass i samfunnet vårt. Oppmodinga til folk flest er at dei må vere medmenneske. Sjå på flyktningar som eit folk som kjem frå svært vanskelege forhold og som treng omsorg. Legg hatet bort, seier Bratten.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå