Hopp til innhold

Sokkar fekk folk til å ta til tårene

Det politiske møtet i Sogn var ekstra fargerikt. Det gjorde at nokre tok til tårene.

Pride

REGNBOGE: Ordførarane i Sogn var ekstra fargerike. Det var takka vere naboen til Luster-ordførar Ivar Kvalen (t.h.).

Foto: PRIVAT

– Vi måtte ta eit oppstilt bilete med middelaldrande og alvorlege menn med veldig fargerike sokkar, seier Luster-ordførar Ivar Kvalen.

Frå å vere eit storbyfenomen, blomstrar Pride for alvor i Distrikts-Noreg. Fleire kommunar har heist regnbogeflagget til topps denne helga for å feire den første pridefestivalen i Sogn og Fjordane. Fottøyet til ordførarane kunne ikkje vere noko verre.

Svarte og trauste sokkar måtte vike til fordel for sokkar av det meir fargerike slaget under eit regionrådsmøte i Sogn. Det var Porten.no som først omtalte saka.

Ordføraren i Luster la sjølv ut eit bilete av ordførarane med pride-sokkar på Facebook, og kommentarane har vore mange. Nokre har stilt spørsmål ved mangfaldet i kjønn og alder på ordførarane.

– Dette var meint som ein gest og oppmuntring til Pride. Eg håper folk tolkar det som mangfald, seier Kvalen.

Andre blei rørte.

– Felte ei tåre her no. Heia Sogn, skreiv ein mann i kommentarfeltet på Facebook.

Pride i Sogn og Fjordane
Foto: ARNE STUBHAUG / NRK

Naboen kom på døra

Det var naboen til Kvalen som kom på døra med sokkane.

– Då var det ikkje verre enn at eg tok med nokre sokkepar og gav dei til ordførarkollegane mine, seier Kvalen.

Luster-ordføraren meiner han som politikar kan gjere ein forskjell med Pride-flagget i flaggstonga og regnbogesokkane på beina.

– Eg håper vi som folkevalde vil skape meir engasjement kring Pride, og vise at det ikkje er noko forskjell om du liker jenter eller gutar, seier Kvalen.

Denne veka går også Pride av stabelen i Oslo. Pride er like viktig på bygda som i byen, meiner arrangør.

– Folk i bygdene slit meir enn folk i byane med at dei har ei anna legning. Det er på tide at vi markerer mangfald i Sogn og Fjordane, seier leiar for Sogn og Fjordane Pride, Sandra Tenud.