Hopp til innhold

Søkjer patent med ny type cruisekai

Ei fleksibel og flytande cruisekai skal gjere det mogleg å ta imot cruisetrafikk på langt fleire stader enn i dag.

Alternativ cruisekai
Foto: ECS Harbour Development

Ei heilt ny type cruisekai blei presentert i Sogndal i dag.

Kaia skal nemleg faldast ut, nærmast som ein meterstokk, og dermed gje cruispassasjerar høve til å gå tørrskodde i land.

Ideen er fødd på Asbjørn Nes sitt skrivebord på Veitastrondi, og er ferdig utarbeidd ved Østerbø Maskin i Bjordal.

Mykje arbeid

- Eg utarbeidde ein del skisser som ikkje fungerte, men eg såg at eg måtte greie å fange opp sidebevegelsane til båten slik at ikkje passasjerane risikerer å dette på sjøen når båten bevegte seg.

Det seier Asbjørn Nes i ECS Harbour Development, som fortel at det er ledda i konstruksjonen som er spesielle.

Prosjekt med namn "Seawalk"

Prosjektet har fått namnet "Seawalk". I dag viste dei fram ein forseggjort animiasjonsfilm som viser ein til saman 240 meter lang stål og betonkonstruksjon.

Konstruksjonen har fire ledd strekka seg ut mot eit av dei største curiseskipa i verda. Her kan passasjerane stiga på den utsrekkbare kaia og gå inn til land.

- Du kan forestille deg kaia som ein stor Z som blir falda samen. Den vert drege ut med lettbåt eller vinsj. Så legg du enden på kaia inn til crusiebåten og festar den. Då vil kaia følgje bevegingane til båten dersom det vert vind, fortel Nes.

- Kan seljast over heile verda

Ingeniørarbeidet og dei endelege teikningane har Østerbø Maskin i Høyanger stått for.

Kaia blir først presentert som eit alternativ for å gjera Sogndal til ei cruisehamn, men dagleg leiar Arne Olav Østerbø trur løysinga kan seljast over heile verda.

- Vi ser moglegheit for å selje den andre stader i verda også, seier Østerbø.

Prisen på ein slik kaiinstallasjon vil i følgje Østerbø liggje på omlag 16 millionar kroner. Det er langt mindre enn kva det kostar å byggje ei kai der båten kan gå heilt til land. I tillegg vil løysinga føre til mindre inngrep i strandlinja.

- Ikkje sett liknande

Halle Thon Gundersen er cruisebåtkaptein og har fungert som konsulent for kaia det no er søkt om patent på.

- Eg har ikkje sett noko liknande med denne kvaliteten og på dette nivået. No kan det bli mogleg å få ei cruisehamn der kor det før ikkje var tenkeleg, seier Thon Gundersen.

Klare til å produsere

Prosjektleiar i Østerbø Maskin seier dei står klare til å produsere kaianlegg så fort nokon bestiller.

- Vi kan begynne på prosjektet i morgon, og ha det ferdig til våren, seier Tore Halsvik.

Mannen med ideen, Asbjørn Nes, har mange draumar og håpar at kaia er å sjå mange stader i verda i løpet av dei neste ti åra.

- Eg håpar i alle fall det skal vere fleire enn ti, seier han.