Hopp til innhold

Søkjer om å få flaumsikre i Flåmselvi

Aurland kommune søker no Olje- og energidepartementet om å få flaumsikre Flåmselvi.

Store øydeleggingar etter flaumen i Flåm

FLAUM: Oktoberflaumen i 2014 gjorde stor skade på Flåm i Aurland.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Slik vi vurderer det så er det framleis fare for skadar som kan gå ut over liv og helse, seier ordførar Noralv Distad.

Aurland kommune var ein av kommunane som vart hardt råka under storflaumen i oktober 2014. I Flåm vart 13 bustadhus totalskadde, og flaumen gjorde elles stor skade på infrastruktur, jordbruksareal og vassdrag.

Her kan du lese alt om oktoberflaumen 2014:

– Får vi flaumar i framtida som er like store, eller kanskje også større så har vi sett på om det er mogleg å gjere tiltak, og det er det, seier Distad.

Verna vassdrag

Men før kommunen kan sette i gang med flaumsikring må dei få løyve frå Stortinget sidan Flåmselvi er eit verna vassdrag. Difor har dei no i første omgang søkt Olje- og energidepartementet om lov til å starta konsekvensutgreiing av arbeidet.

Noralv Distad

FLAUMSIKRING: Noralv Distad (H) er ordførar i Aurland.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Det som er viktig er at vi kan få redusert vassmengda, seier Distad.

Kommunen ser på to moglege løysingar. Det eine er måtar å halde igjen vatnet på gjennom eksisterande regulering. Det andre alternativet er å overføre vatn frå Flåmselva til Viddalsmagasinet i Aurlandsanlegget.

– Alt går ut på å redusere vassmengda ved ein flaum, fordi mindre vatn gjer mindre skade, seier Distad.

Folkemøte

Torsdag kveld inviterte kommunen innbyggarane til folkemøte for å orientere om arbeidet som no er på gang.

– Dei som kom er sjølvsagt opptekne av tryggleik for framtida. Det tykkjer eg er naturleg med tanke på katastrofen vi hadde i 2014. Folk hadde også mange spørsmål om korleis dette kan gjerast, og om det har skadeverknader. Men eg føler etter møtet at vi har solid ryggdekning for å jobbe vidare med flaumsikringsplanane, seier Distad.