NRK Meny
Normal

Politiet søkjer frå lufta etter sakna Per-Arne

Politiet har i dag sett helikopter inn i søket etter den sakna Per-Arne Hestenes (35) i Gloppen. – Det har vi gjort fordi det er godt vêr, og skulle det komme snø så vil det dekke til spor som kan vere der, seier lensmann Nils Ove Roset.

Politihelikopter på Utvikfjellet
Foto: NRK-tipsar

Mannen har vore sakna sidan natt til laurdag 8. november då han var involvert i eit biluhell ved Øvresetkrysset på fylkesveg 60.

Politihelikopteret

UNIKT: Politihelikopteret er det einaste av sitt slag i Norge, og deltok også forsvinningssaka i Årøy.

Foto: Christian Blom

I dag har helikopteret søkt langs begge sider av fylkesvegen over fjellet til Utvik.

– Det er ein naturleg måte å utvide søkeområdet på. Vi har også utvida søkeområdet rundt ulukkesstaden ved krysset, seier lensmann Nils Ove Roset.

Søkjer i dag

Lensmann i Gloppen, Nils Ove Roset.

LENSMANN: Nils Ove Roset er lensmann i Gloppen.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Roset seier at det ikkje er nye tips som har utløyst bruken av politihelikopteret. Helikopteret er det einaste i sitt slag i landet.

Lensmannen seier at det er det gode vêret og faren for snø som gjer at dei nytta seg av moglegheita til å bruke helikopteret.

– No brukar vi helikopteret i dag til det blir mørkt. Det gjer at vi får søkt over eit større område, seier han og presiserer at politiet framleis er interesserte i tips i saka.

Står framleis på bar bakke

Per-Arne Hestenes (35) er etterlyst

SAKNA: Ingen har sett eller hatt kontakt med Per-Arne Hestenes etter at han gjekk uskadd frå eit trafikkuhell ved Øvresetkrysset natt til laurdag 8. november.

Foto: Privat

Politiet har gjennomført fleire avhøyr og det er gjort fleire omfattande søk, men står framleis på bar bakke i forsvinningssaka. Søka har engasjert mange frivillige personar.

– Det er godt at mange bryr seg. Det er ei god trøyst i denne vanskelege tida, skreiv mor Kirsti Sørland i ein SMS til NRK.no.

Politiet har heile vegen presisert at dei ikkje har grunnlag for å tru at det har skjedd noko kriminelt.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå