Hopp til innhold

Søkjer større miljøutslepp frå steinbrot - naboar steilar

Yeoman Halsvik har søkt om løyve til større miljøutslepp frå steinbrotet sitt i Sløvåg i Gulen. Naboar seier støvet frå steinbrotet allereie no er eit problem både for folk og dyr.

Wergeland Halsvik i Sløvåg.

VIL UTVIDE: Yeoman Halsvik får motstand når dei no har søkt om auka utsleppsløyve. Biletet er eit arkivfoto og er frå då steinknusarverket høyrde til Wergeland-konsernet.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Bergverksbedrifta har planar om å utvide produksjonen og har i den samanheng søkt om løyve til auka miljøutslepp. Det er ikkje populært.

Nabo Jarle Halsvik seier støvet frå steinbrotet er eit problem for både folk og dyr, og at slammet har endra heile sjøbotnen.

– Det er eit generelt problem både for vegetasjon, dyr og folk som er i området. Og slammet påverkar sjøbotnen og livet i sjøen. Det er jo blitt sandbotn over heile området der ute og det var det ikkje før.

– Nok støv og sjøslam slik det er

Yeoman Halsvik har søkt om løyve til utviding av produksjonen i steinbrotet i Sløvåg i Gulen, med større utslepp av støv og slam. Bedrifta sysselset over 70 personar, og er eit av dei største steinknuseverka i Nord-Europa. Naboar og nabobedrifter har fått sagt si meining om søknaden i ei høyring.

– Det synest eg ikkje noko særleg om. Det er nok både støv og sjøslam slik det er.

I tillegg til Jarle Halsvik, klagar ein annan nabo klagar over høge støylydar. Wergeland Holding meiner at dei som nabo og opphavleg grunneigar har store plager i form av støv, støy og slamutslepp. Støvplagene er til tider så alvorlege at det er helseskadeleg og truleg langt over grenseverdiane referert i høyringsutkastet, skriv Wergeland Holding.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sløvåg

FLEIRE KLAGAR: Fleire naboar og ei nabobedrift har sagt klart frå om kva dei meiner om ei eventuell utviding av steinbrotet. Arkivfoto av Sløvåg.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Måtte søkje om nytt løyve

Gøsta Hagenlund hjå Fylkesmannen seier bedrifta måtte søke om nytt løyve for å komme i samsvar med det dei produserer. Men ifølgje Hagenlund kan ein ikkje seie at dei i dag slepp ut meir enn dei har løyve for.

– Nei, det kan ein ikkje seie på den måten. Det bedrifta har behov for er å endre ramma i samsvar med det dei faktisk produserer, og då vil vi gå gjennom løyvet og setje tilpassa vilkår for den nye produksjonen, seier Hagenlund.

Meiner dei tek miljøet på alvor

Dagleg leiar i Yeoman Halsvik, Scott Rowland Watson, seier i ein epost at det er skuffande med dei negative høyringssvara. Han skriv at selskapet overvaker utslepp og tek miljøet svært alvorleg, og har eit avansert system for å hindre støvutslepp som er det einaste av sitt slag i Norge.

– Naturlegvis er det skuffande at det har vore tre negative kommentarar knytt til bråk, støv og sjøslam, skriv Watson.

Han lovar at selskapet tek miljøet på alvor, og skriv at dei kvart einaste år investerer i både støv- og lyddemparteknologi for å påverke naboane i mindre grad.

Søknaden frå Yeoman Halsvik skal vurderast på nyåret.