Hopp til innhold

Barnefattigdommen aukar i Norge - men få kommunar søkjer på tilgjengelege tilskot

Berre tre kommunar i Sogn og Fjordane søkte om tilskot til arbeid mot barnefattigdom. På ti år har det vore ei auke frå fem til åtte prosent fattige born. Det syner ferske tal frå Riksrevisjonen.

42062381

AUKAR: Barnefattigdommen aukar i Norge. For mange er det til dømes ikkje ei sjølvfølgje å kunne dra på ferie.

Foto: Frank May / NTB scanpix

Rådgjevar på helse- og sosialavdelinga hos fylkesmannen, Kari Vold Olsen, trur at kommunane har god oversikt, og at dei set inn tiltak der det trengst.

– Det er ein jobb å gjere å søkje også. Kanskje kommunane har så god oversikt over sine innbyggjarar og dei veit at kor trengst litt ekstra, slik at dei gjer denne jobben likevel gjennom NAV, seier Olsen.

Meiner ordninga trengst

I år fekk Høyanger kommune 215.000 kroner og Flora fekk tildelt 270.000 kroner til arbeid mot barnefattigdom. Årdal kommune overførte midla frå 2013.

Nye tal frå Riksrevisjonen syner at det var 78.000 fattige barn i Norge i 2012. Dette er ein auke frå fem til åtte prosent i løpet av ti år.

Sjølv om det er få kommunar som søkjer om tilskot meiner Olsen at ordninga trengst i Sogn og Fjordane.

– Eg er sikker på at det bur og lever born rundt omkring i heile Norge som har tronge økonomiske tilhøve, seier Olsen.

Vil bruke pengane på ting som gagnar borna

Omsorgsfagleg rådgjevar i Flora kommune, Trude Gulbranson fortel at Flora kommune har valt å søkje på tilskot til arbeid mot barnefattigdom fordi dei ligg over fylkesgjennomsnittet med tanke på born som bur i husstandar med låg inntekt.

– Utgangspunktet var å jamne ut sosiale ulikskapar i Flora kommune, seier Gulbrandsen.

Gulbranson vil bruke tilskotet på klippekort på bading, betale kontingentar og gratis kino for alle born og unge.

– Vi søkte på midlar som alle kan bruke, det er eit tilbod som alle ungar i Flora kommune anten kan nytte, eller at vi kan subsidiere dei som ikkje har råd til det sjølve, seier Gulbranson.