Hopp til innhold

Søkjer i uoversikteleg terreng

Området der to menn er sakna i ein fritidsbåt i Solund er svært uoversiktleg. – Dette er eit område få ferdast i, seier ein av dei som har bidrege i leitinga.

Redningsskøyta MS Halfdan Grieg gjer søk etter to sakna menn i Solund

VANSKELEGE FORHOLD: Det var vanskelege forhold for båtane som onsdag kveld og natt til torsdag søkte etter to menn i ein fritidsbåt i Solund. Biletet er teke av mannskapet på redningsskøyta Halfdan Grieg. Forholda er no langt betre, og dette bilete er teke i føremiddag.

Foto: Redningsskøyta MS Halfdan Grieg

– Området er veldig uoversiktleg, med skjer overalt, seier Roar Moe i Solund. Han gjorde søk saman med Hans Gåsvær i båten «Sulejet».

Moe seier det var utfordrande arbeid.

– Det var ein veldig dramatisk situasjon der vi gjorde søk i ei område som vi reknar som ei paddemark, seier han og viser til at området er veldig farleg.

Held fram med uforminska styrke

Dei to mennene i 40 og 60-åra melde litt over klokka 20 onsdag kveld om at fritidsbåten deira tok inn store mengder vatn i nærleiken av Lågøyna i Solund. Store ressursar var sette inn i søket, men klokka 09 torsdag er det framleis ikkje gjort funn.

– Søket held fram med uforminska styrke, får NRK opplyst ved Hovudredningssentralen.

Dei håpar å setje inn ein luftambulanse som kan gjere søk på skjer og holmar, i tillegg til at eit fly frå Kystverket er venta til området. Etter kvart vil også eit redningshelikopter bli sett inn att i leitinga.

I tillegg blir mannskap frå Sivilforsvaret, brannvesenet, Røde Kors og Norske redningshundar kalla ut for å gjere strandsøk på Værlandet. Øya ligg nord for området der mennene er sakna.

(Artikkelen held fram under biletet)

Redningsskøyta MS Halfdan Grieg gjer søk etter to menn som er sakna i sjøen i Solund

STORE BØLGJER: Det har vore tøffe forhold i samband med leitinga. Bilete er teke av mannskapet på redningsskøyta MS Halfdan Grieg natt til torsdag.

Foto: Redningsskøyta MS Halfdan Grieg

Har søkt gjennom heile natta

Store ressursar har delteke i søket. I tillegg til redningshelikopteret, var to kystvaktskip, ei redningsskøyte, og fleire lokale båtar, mellom dei ambulansebåt og passasjerbåtar i sving.

Fleire av dei mindre båtane måtte utover natta gje seg, på grunn av svært dårleg vêr.

– Høge bølgjer og mykje vind gjorde at småbåtane måtte gje seg utover natta. Begge kystvaktskipa har halde fram søket, sa operasjonsleiar Bjarte Rebnor ved Hordaland politidistrikt til NRK.no tidleg torsdag morgon.

Etter at det lysna torsdag morgon har fleire av desse båtane teke opp att søket.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kystvaktskip gjer søk etter to menn som er sakna etter at ein fritidsbåt gjekk på grunn i Solund

SØKER ETTER SAKNA BÅT: Kystvakta har to skip i området for å gjere søk etter den sakna båten med to menn om bord.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Berre lokalkjende går her

Roar Moe deltok i søket i går kveld, og seier området dei to mennene er sakna i er farefullt. Han seier det er få båtfolk som går i dette området.

– Det er berre lokalkjende folk som går i desse sjøområda. Det er veldig uoversiktleg. Eg vil ikkje seie det er berykta, men ein skal vere veldig klar over kva ein gjer når ein går inn i dette området, seier Moe.

Då søket etter dei to mennene starta opp i går vart vêret stadig tøffare. Mo fortel om aukande vind i sør og søraustleg retning, og seier sjøen byrja bryte opp.

– Det vart verre utover natta. Eg er veldig imponert over desse båtane, desse skipsførarane som driver dette og korleis Hovudredningssentralen handterte aksjonen, seier Moe.

– Det var stadig mørkare, og det byrja regne. Sikta var dårleg og det var svært vanskelege forhold.

– Håpet svinn

Redningsmannskapa har i morgontimane sagt at dei framleis håpar å kunne finne dei to mennene i live. Mellom anna er eit håp at dei kan ha kome seg i land på ein holme eller skjær.

Dei veit ikkje noko om kva utstyr mennene har hatt i båten, og heller ikkje om dei har hatt på seg overlevingsdrakter.

Det er ikkje gjort funn etter verken båten eller mennene, men søket held fram med uforminska styrke utover føremiddagen.

Moe seier søkeforholda er langt betre i morgontimane torsdag.

– Det er god sikt og høg himmel, så det ser mykje finare ut no enn i går, seier han til NRK.no.

– Kva trur du om sjansen for at mennene kan ha kome seg på land ein plass?

– Eg håpar veldig på det. Men når det går så lang tid og ein ikkje har sett noko, så tilseier logikken at håpet svinn, seier han.

Solund

SAKNA: Ein fritidsbåt med to personar i er sakna i Solund.

Foto: Fylkesatlas