Politiet fekk søndag kveld godkjenning til å starte søk etter ein sakna asylsøkjar i elva Utla i Utladalen i Årdal.
- Les også: Endrar status for leiteaksjon
– Kring 20 personar, samt ein hund, deltek i søket i dag. Det blir søkt i og rundt Utladalselva mot Vettisberget, seier operasjonsleiar Espen Gulliksen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.
Søkjer for fjerde dag
Søket går for fjerde dagen på rad. Innsatsleiar og lensmann i Årdal, Magne Knudsen, opplyser til Porten.no at ein i tillegg har båt på Årdalsvatnet, samt har fått løyve til å søkje med drone også i dag.
Siste sikre observasjon av mannen var torsdag i 12-tida då han kom til Øvre Årdal med buss frå Årdalstangen.
- Les også: Har fått inn nokre tips
Observasjonar i Utladalen gjer at politiet trur han har lagt ut på tur. Det blir søndag søkt i vanskeleg terreng ved Vetti.
- Les også: Mottaksleiar: – Vi er veldig uroa
– Vi har søkt igjennom eit stort område på desse fire dagane. Skulle vi søkt noko meir, så måtte vi hatt nye opplysningar som kunne seie oss kvar vi skulle søke, seier lensmann i Lærdal, Helge Øvstetun.
Undersøkjer telefon
Store styrkar har søkt sidan fredag kveld. Sivilforsvaret, Norsk Folkehjelp, Røde Kors, helikopter og drone har delteke i søket, i tillegg til politiet. I dag deltek ei elveredningsgruppe og ein hundeekvipasje frå Norske Redningshunder.
Søket har vore krevjande i til dels ulendt og utfordrande terreng.
- Les også: – Vi håpar å få svar
Aksjonen blir leia frå Operasjonssentralen i Florø. Her vil dei også gå igjennom mobiltelefonen til den sakna. Den vart funnen på bustaden.
– Den er sendt til Florø og skal etter planen bli undersøkt i dag. Men vi har ingen garanti for at vi får opna og henta ut informasjon frå den, seier Øvstetun.