Hopp til innhold

Sperrar av turområde i samband med leiteaksjon

– Sykkelen vart funnen ved Soleide og søket held fram med det som utgangspunkt, opplyser politiet.

Leiteaksjon i Førde

SØK: Politiet har sperra av området ved Soleide i samband med leiteaksjonen etter ein sakna mann i 70-åra.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Kurt Erland

SAKNA: Kurt Erland er sakna frå heimen i Angedalsvegen i Førde. Politiet ber publikum om tips i saka og går ut med namn og bilete i samråd med familien.

Foto: Privat

Sivilforsvaret, Røde Kors og Norske redningshundar søkjer no på stiane som går frå Soleide mot Viefjellet.

Ein politipatrulje fann like før klokka 08 sykkelen til den sakna Kurt Erland. Politiet har ikkje mistanke om at mannen er utsett for noko kriminelt.

– Det er eit kjent turområde, med mange moglegheiter. Vi oppmodar difor folk som har vore i fjellet etter klokka 15 torsdag om å ta kontakt, seier leiaren ved Vest Politidistrikt sin operasjonssentral i Florø, Trond Hatlenes.

Ein observasjon

Leiteaksjonen starta opp i 22-tida torsdag, og det vart søkt til like over klokka 05 fredag morgon. Siste livsteikn familien fekk frå mannen var i 15-tida torsdag. Mannen vart meldt sakna klokka 19.58 same dag.

Leiteaksjon i Førde

SØKJER: Sivilforsvret og Røde Kors Hjelpekorps er no i gang med eit hurtigsøk mellom Soleide og Viefjellet.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Vi har ein observasjon av den sakna like etter klokka 15 på torsdag. Han vart observert i eit område som samsvarar med at han skulle retning Soleide, seier Hatlenes.

Politiet er framleis svært interesserte i tips frå personar som kan ha sett, eller har vore i kontakt med den sakna.

– Vi er interesserte i alt av informasjon. Det er betre at vi får luke ut kva som er av interesse, enn att publikum blir sitjande med det som kan vere viktig informasjon, seier Hatlenes.

Rutete jakke

Leiteaksjon i Førde

REDNINGSHUNDAR: Etter nær tre timar pause blir to redningshundar på nytt sett inn i søket etter Kurt Erland i Førde.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Politiet har i samråd med familien gått ut med namn og bilete av den sakna. Mannen hadde truleg på seg ei brunruta jakke, grått skjerf og kvit lue med brun kant.

– Redningsoppdraget starta opp att i morgontimane. Når redningshundane er ferdige, byrjar hjelpemannskapet, seier Hatlenes.

– Kva kan du seie om terrenget det blir søkt i?

– Det er eit turterreng med mange stiar, så det er eit stort område å søkje i. Spesielt opp mot Viefjellet er det bratt og krevjande, og mykje vegetasjon. Det er krevjande område å søkje i. At vi heller ikkje får nytte helikopter i lufta på grunn av tett tåke, så blir det meir utfordrande.

Stengjer turområde

Leiteaksjon i Førde

TRAPPAR OPP: Sivilforsvaret har 18 personar i sving. Røde Kors har 25-30 personar på veg til Førde.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Politiet søkjer med utgangspunkt i området der sykkelen vart funnen. Stien til Viefjellet er kring 2,5 kilometer.

– Frå Soleide går det tursti til Farsund, det går veg inn i fjellet og mot hengjebrua over mot E39, seier Hatlenes.

I 10-tida opplyser politiet at vegen frå Vie til Soleide blir stengd. Dette for å la både hundar og leitemannskap få ro til å gjennomføre søk, og for å ha kontroll på kven som ferdast i området.

Stor leiteaksjon

– Per no deltek 18 personar frå Sivilforsvaret, samt to redningshundar. Vi ventar åtte til frå Møre, Årdal og seks frå Hordaland. Røde Kors har 25-30 personar på veg, i tillegg til dei seks som allereie er der. Vi har også Sea King med varmesøkande kamera i gang, seier Hatlenes.

Beredskapsleiar i Sogn og Fjordane Røde Kors, Stian Antonsen, seier mange av deira medlemer no avbryt påskeferien for å delta i søket.

– Eg har nett kome fram til Førde sjølv, og er ikkje heilt oppdatert på kor mange vi har ute no, men vi har 30 personar på veg frå heile fylket, seier han.

Leiteaksjon i Førde

Saka blir oppdatert.