Hopp til innhold

Tøffe sogningar klare for verdscupopninga

Både Sarah Fiskaa Haugen (Luster) og Øyvind Vagstad (Syril) er med når seniorløparane tek til på verdscupsirkuset i telemark.

Sarah Fiskaa Haugen og Øyvind Vagstad

TØFFE: Sarah Fiskaa Haugen (t.v.) og Øyvind Vagstad vert skildra som tøffe og uredde telemarkskøyrarar. I år er juniorane klare for verdscupopninga.

Foto: Fotomontasje

Etter ein gode samlingshaust har sportssjef Jo Mork teke ut fem kvinner og fem menn til opningsrenna i Hintertux 28. – 30. november.

Blant desse er to talentfulle sogningar, juniorane Sarah Fiskaa Haugen (Luster) og Øyvind Vagstad (Syril).

– Seniorane har fleire døgn på ski enn juniorane, men desse to er rett bak med langt mindre mengdetrening på snø, seier sportssjef Jo Mork til NRK.no.

– Unge og tøffe

Sarah Fiskaa Haugen vart juniorverdsmeister

VERDSMEISTER: Sarah Fiskaa Haugen vart juniorverdsmeister førre vinter.

Foto: Jan Sølve Haugen

Mork er full av lovord både av dei to juniorane, og av telemarksmiljøet i Sogn.

At Fiskaa Haugen og Vagstad er kommande landslagsutøvarar i telemark viste dei i fjor. Førstnemnde vart juniorverdsmeister , medan Øyvind Vagstad vann sine første noregscuprenn.

– Begge er unge, og manglar rutine. Men dei har sine kvalitetar på lik linje med dei andre. At dei er tøffe, er noko dei begge har til felles. Eg har aldri opplevd at dei har vore redde for noko, og det er utruleg viktig i Telemark, seier Mork.

Køyrer godt

– Dei har ein allsidig bakgrunn og matchar dei fleste forhold. Dette er utruleg viktig, legg sportssjefen til og fortel at dei begge presterte bra i helgas testrenn under krevjande forhold på Kvitfjell.

Mork seier resultata i helga viser at dei juniorane trenar godt, og at dei leverer sjølv med få døgn på ski i beina.

Seniorane har på si side aldri hatt fleire treningsdøgn på ski. Mellom anna ei fem vekers samling i Hintertux tidlegare i haust.

Er VM-aktuell

Øyvind Vagstad frå Leikanger gjekk til topps i norgescupen, og får no køyre verdscup.

TALENTFULL: Øyvind Vagstad nådde fjorårets mål då han vann Norgescupen.

– Vi såg det også under treningsveka dei var med i Hintertux i slutten av oktober. Allereie då køyrde Øyvind og Sarah bra. Det viser at dei trenar godt gjennom skulen og ikkje minst gjennom jobben Egil Vangsnes gjer, seier sportssjefen.

– Det er VM-sesong, men vil dette vere litt for tidleg for dei to sogningane?

– VM er i USA i slutten av februar, og sjølv om det til dels blir eit økonomisk spørsmål så vil vi ta ut ein god stab. Når det gjeld Sarah, så er ho ei av fem som dominerer i Norge. Ein skal ikkje sjå vekk ifrå at ho melder seg på kampen om ein plass der.

– Må ha resultat

For Vagstad sin del vil kampen om ein plass i junior-VM vere eit naturleg mål. Både junior- og senior-VM går på same tid i Steamboat Springs.

– På herresida er det mange om beinet, både blant junior og senior. Her kan ein ikkje kvile på lauvbæra om ein vil til VM, seier Mork og legg til at det summa summarum vil vere prestasjonane gjennom sesongen som avgjer VM-uttaket.

– Ein må ha litt resultat i sekken, avsluttar han.