Hopp til innhold

Sogningane delte om fødestove

Ordførarane i Sogn Regionråd er delte i synet på opprettinga av ei jordmorstyrt fødestove i Lærdal.

Lærdal sjukehus og Sogn Regionråd.

DELTE I SYNET: Fleire av ordførarane i Sogn er positive til tilbodet, men vil ikkje støtte ei jordmorstyrt fødestove i Lærdal.

Foto: Fotomontasje

Regjeringa sitt sjukehusvedtak stiller krav om at ein klarer å rekruttere nok jordmødrer til å jobbe der.

Lokalsjukehusforkjempar Bente Øien Hauge sa i går at fagfolka er klare til innsats, og at det no er opp til kommunane å få realisert ei jordmorstyrt fødestove. Men ikkje alle kommunar er klare til innsats.

– Dersom dette er noko vi skal vere med å betale i og skaffe arbeidskraft til, så er det veldig spesielt når det blir så lite brukt, seier ordførar i Luster, Torodd Urnes.

– Uaktuelt å støtte

I dag reiser kring 80 prosent av dei fødande i Luster til Førde. I Vik nyttar mange fødande tilbodet på Voss. Ordførar Marta Finden Halset seier det er uaktuelt å medverke i Lærdal.

– Eg kan ikkje sjå at vår kommune skal vere i stand til å medverke med verken personell eller jordmor for å oppretthalde ei fødestove i Lærdal som vi nyttar i svært liten grad, seier ho.

– Kva får å seie

Ei ringerunde til Sogn Regionråd viser at fleirtalet er positive til ei jordmorstyrt fødestove, men skepsisen er til stades.

Sogndal kommunestyre skal diskutere saka i morgon, medan Leikanger-ordførar Olav Lunden er positiv - med atterhald. Han ynskjer svar på nokre sentrale spørsmål.

– Kva tilbod vil det gje dei fødande i kommunen vår? Det er klart at Leikanger og leikangersamfunnet nyttar nok like mykje Førde som fødetilbod som Lærdal. Vi må sjå det opp mot det tilbodet vi har no via Førde, seier han.

Aurland ikkje avvisande

Ein annan kommune som nyttar sjukehuset på Voss mykje, er Aurland. Ordførar Olav Ellingsen er likevel ikkje avvisande til å støtte ei jordmorstyrt fødestove i Lærdal.

I sjukehuset sin heimkommune, Lærdal, er ordførar Arne Sanden klår på kva som må til for å gjennomføre regjeringsvedtaket.

– Det er no ein vilje til eit samarbeid, ikkje minst i forhold til den faglege ressursen som ei jordmorstyrt fødestove i Lærdal vil gjere, seier han.

Kommande måndag skal kommunane i møte med Helse Førde.