NRK Meny
Normal

Sogning varetektsfengsla etter knivdrama

Ein mann i 30-åra er i Fjordane tingrett varetektsfengsla i fire veker etter ei knivstikking i Sogn.

Fjordane tingrett

ILLUSTRASJON: Sogningen i 30-åra hevda han skulle true besøket ut av leilegheita. No er han varetektsfengsla etter knivstikkinga.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Mannen vart pågripen i 17-tida 15. mai, to timar etter at politiet fekk melding om truslar med kniv i ein kommune i Sogn.

Han er no sikta for grov kroppsskade og oppbevaring av ei mindre mengd hasj. Mannen var sterkt rusa då hendinga fann stad. Pågripinga skjedde ifølgje politiet utan dramatikk.

Forsvarar til hovudtiltalte Jørgen Riple.

ARKIVFOTO: Bergensadvokat Jørgen Riple representerer den sikta sogningen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det oppstod usemje i leilegheita hans, der han ynskte fornærma ut. Tanken var å true med kniv, men den trefte og gjekk igjennom øyret til fornærma. Det beklagar han, og erkjenner straffskuld for, seier forsvararen hans, Jørgen Riple.

Stakk utan forvarsel

Den fornærma, ein mann i 30-åra, måtte ifølgje fengslingskjennelsen sy fleire sting i øyret etter hendinga. I politiavhøyr den fornærma mannen forklara at knivstikkinga skjedde heilt utan forvarsel.

– Det står fram for retten som heilt tilfeldig at sikta si handling ikkje fekk langt større følgje for fornærma, skriv tingrettsdommar Bjørn Gunnar Sælen.

Politiet frykta at mannen kan gjere fleire lovbrot og bad difor om varetektsfengsling. Han er domfelt fleire gonger før, mellom anna for alvorleg valds- og trusselkriminalitet.

Fleire forhold

Sogningen vart seinast for halvanna år sidan sleppt fri frå soning, og er allereie under etterforsking for ei lang rekkje forhold. Mellom anna er han meld for å ha retta alvorlege truslar mot fastlegen sin på Facebook.

Sjølv bad mannen om å bli sleppt fri med meldeplikt og pålegg om bruk av antabus. Dette meinte retten ikkje ville vere tilstrekkeleg for å halde mannen unna nye straffbare forhold.

– Vi har førebels ikkje teke stilling til om vi vil klage på fengslinga, seier Riple.

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast