Ifølgje Norsk Tipping kjøpte han ein fem-vekerskupong hos Bunnpris i Hyllestad for ei veke sidan.
Uvitande om premien
Då Norsk Tipping kom i kontakt med vinnaren laurdag kveld, var han uvitande om kva som nettopp hadde hendt.
- Vi ba mannen sette seg godt tilrette, for å ta imot gode nyheiter, seier redaktør for TV-trekningar i Norsk Tipping, Ingrid Roterud Mathisen, til
Vart stille
- Det var nærmare 12 millionar kroner i førstepremiepotten i Lotto i kveld, det er kun ein spelar med sju rette, og det er deg...
- Først vart det litt stille, så vi følgte opp med spørsmålet "kva føler du no?"
- Dette er jo kjempegøy, svarar han, men seier han må ta nokre djupe pust for å halde seg på beina, fortel Roterud Mathisen.
Klar med pizzaen
Hyllestad-mannen sa laurdag kveld til
at gladmeldinga kom noko brått på, og at det førebels er vanskeleg å seie kva pengane skal brukast til. Han var då mest oppteken av at pizzaen stod på bordet, og han i alle fall skulle nyte den med borna sine.