NRK Meny
Normal

Sogning overnatta på nattklubb

Kom seg ikkje ut att, og ringde politiet.

(Etter ei redaksjonell avgjerd er personen i saka anonymisert 6.8.15)

- Eg er ikkje redd for å drita meg ut, seier balestrendingen (21) til BT.no

Åleine og innelåst

Først langt utpå søndagen oppdaga han at han var mutters åleine og innelåst på utestaden Luux i Bergen.

- Han har ringt oss og fortald at han ikkje kjem seg ut, seier operasjonsleiar Konrad Grindeland ved Hordaland politidistrikt.

Trur han sovna på do

Bargjesten har truleg sovna i ein bortgøymd krok av lokalet, utan at dei tilsette oppdaga han ved stengetid klokka 03. Sjølv meiner han å ha sovna på toalettet fyrst og fekk seg ei overrasking då han vakna i den tomme nattklubben mange timar seinare.

Politiet sende ut mannskap for å hjelpa mannen. Også vektarar vart tilkalla for å få opna dørene i Christian Michelsens gate i Bergen.

Klokka 11.26 opna politiet dørene.

- Eg ringde dei med ei gong, for eg ville ikkje risikera å starte ein alarm, seier den unge mannen.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote