Hopp til innhold

«Utdrikkingslaget gjekk kanskje litt langt»

– Vi drog han kanskje litt langt, humrar Pål Olav Loftesnes om utdrikkingslaget som i dag har gått sin sigersgang på sosiale medium.

Utdrikkingslag lurte TV2.

LURTE TV2: Manneopprøret utanfor Stortinget var ikkje noko anna enn eit utdrikkingslag. Det fekk TV2 vite litt for seint. – Eg trur nok det vil gå litt tid før TV2 sjølve vil sjå humoren i dette, seier Pål Olav Loftesnes.

Foto: Privat

Det var lørdag at TV2 slo stort opp eit «manneopprør» utanfor Stortinget i Oslo. Men, som VG skriv måndag, så var det berre «rør». Saka er delt 6.700 gonger på Facebook.

For dei kring 20 demonstrantane som det ifølgje kanalen, osa testosteron rundt, var ikkje noko «vaskeekte mannsopprør».

– Ein av dei mange aktivitetane vi gjorde var å lage ein demonstrasjon. Så var det ein som anonymt tipsa TV2 om at det kom til å bli ein spennande demonstrasjon framfor Stortinget. Og så var vi i gang, seier sogndølen Pål Olav Loftesnes.

– Berre tull

Det var den gamle studiekompisen Eirik Sødal som skulle drikkast ut, og gjengen fann ut at dei skulle gjere det skikkeleg. «Væpna» med plakatar med bodskap som mellom anna «Brøl som ein mann», «Menn drikker øl», «Flere maskuline jobber» og «La menn vere menn».

I tillegg til «demonstrantane», bygde TV2 ut med fleire intervju og reaksjonar på bodskapen til demonstrantane: At menn er blitt for feminine og at mangfaldet er i krise.

– Det er jo berre tull, men vi forstår jo at det lett kunne vore oppfatta som seriøst. Vi hadde uansett kome til å stå framfor Stortinget med plakatane våre og tulla, seier Loftesnes til NRK.no.

TV2 beklagar

Spøken trengde eit grundig førarbeid, og det var utdrikkingslaget som på 90-talet lurte NRK med «homser mot EF» som starta det heile.

TV 2s nyhetsredaktør, Jan Ove Årsæther, sier til VG at dei beklagar overfor sjåarane, men at dei etter beste evne forsøkte å forsikre seg at det ikkje var tull.

– Vi sjekka bakgrunnen til dei involverte; dei fremstod som tilsynelatande ressurssterke folk med høg utdanning. Temaet deira var ikkje spesielt kontroversielt, men vi undersøkte også om det var ein bodskap dei hadde fremma før. Det viste at fleire hadde tatt til orde for noko liknende i det offentlige rom tidlegare, seier han til avisa.

– Burde fanga opp

Loftesnes seier han er komfortable med både likestilling og kjønnsroller. Han har heller ikkje dårleg samvet overfor kanalen.

– TV2 har jo eit system som burde klare å luke ut slikt som dette. Vi har jo kopiert eit stunt som vart gjort i 1992, som vart kalla «Homser mot EF», som også var eit utdrikningslag. At det fungerer også i 2014, når vi har sosiale medier, det er heilt utruleg og moro, humrar han.

– Då eg såg innslaget på søndagsmorgonen, så måtte eg bite meg sjølv litt i fingeren. Vi lo greitt, vi trudde ikkje at dei ville gå på det der altså. Det var jo ikkje meininga å lure sjåarane, avsluttar Loftesnes.