Hopp til innhold

Sogning blir produsent i amerikansk storfilm

Den røynde filmprodusenten Einar Loftesnes frå Sogndal går frå prosjekt til prosjekt. I Cannes blei det annonsert at han skal medprodusere storfilmen «The Northwoods».

Einar Loftesnes

GLER SEG: Men Einar Loftesnes og resten av produsentane har ein del jobb att før dei kan byrje å filme. Det blir først neste vinter.

Foto: POUL IVERSEN

– Det er jo ganske stort å få lov til å vere med på ein amerikansk film som produsent, seier Loftesnes.

Det var Hollywood Reporter som skreiv om saka først. Folka bak filmen kunne annonsere det under filmfestivalen i Cannes, som går føre seg no.

– Det er ein independent-film. Det er ikkje ein film med dei store studioa bak seg, presiserer Loftesnes.

Han fortel at dei har jobba med filmprosjektet i to år, sidan Cannes-festivalen i 2017.

– Det har vore ein lang jobbperiode for å få dette til, seier han.

Produsenten er eit kjend namn, med titlar som «Villmark 2» og TV3-serien «Aber Bergen» knytt til seg. Og i januar var han i Vadheim for å gjere testar føre storfilmen «Tunnelen». Saman med regissør Pål Øie har dei ansvaret for ein film med eit totalbudsjett på 34 millionar kroner.

Horror og klima

«The Northwoods» er ei skrekkhistorie som delvis er basert på norsk folklore, forklarer Loftesnes. Emma Higgins er regissør for filmen, og dei to som skal spele hovudrollene, søstrer, er Sarah Gadon og Eili Harboe.

Gadon er frå Canada, og speler for tida i den tredje sesongen av HBO-serien «True Detective». Harboe er mest kjend for tittelrolla i filmen «Thelma». Filmpolitiet kalla henne då «en av våre aller mest spennende skuespillere».

– Og så handlar det om klimaet. For noko har lege skjult i ein isbre, nemleg eit prehistorisk monster.

Dette monsteret kjem, ikkje uventa, til live att – på grunn klimaforandringane. Dei to hovudpersonane er på tur i den norske fjellheimen, og må flykte frå monsteret. Resten av historia får du ikkje vite før du sit i kinosalen. Det blir ei stund til, avslører Loftesnes.

– Den foreløpige planen er neste haust.

Nord-Noreg, ikkje Sogn

Det er Loftesnes og produksjonsselskapet Handmade Films In Norwegian Woods som står for den norske delen av filmen. Resten av filmen skal spelast inn i Canada. Her til lands fall valet på Nord-Noreg, og ikkje fjella som sogningen kjenner best.

– Eg prøver jo å legge alt eg kan til Sogn. Men denne gongen måtte me sjå over finansieringa også. I Nord-Noreg har dei tilrettelagt for filmopptak gjennom noko som heiter FilmCamp, seier han.

FilmCamp er et regionalt filmfond og ressurssenter som er offentleg eigd av Troms fylke og fleire kommunar. Men Loftesnes gjev ikkje opp å dra filmen lenger sørover også:

– Men eg skal sjølvsagt forsøke å snike inn ei scene i Sogn også.