NRK Meny
Normal

Sogneverksemd skal byggje pumpestasjon til Mexicogolfen

Luster Mekaniske Industri får ta del i bygginga av ein pumpestasjon OneSubsea i Bergen skal lage for Shell i Mexicogolfen.

Sveising

FÅR STOR KONTRAKT: Luster Mekaniske Industri held til på industriområdet i Gaupne i Sogn, der dei produserer røyr og utstyr til oljeindustrien.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Dette betyr veldig mykje for oss. Spesielt med den tunge situasjonen som er i marknaden no, så er dette veldig kjærkome, seier dagleg leiar i Luster Mekaniske Energi, Geir Øren.

Geir Øren

KAN GLISE: Dagleg leiar Geir Øren seier kontrakten betyr mykje i tronge tider.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Øren seier dei vil starte arbeidet på seinsommaren neste år og vil drive på godt ut i 2017.

Akkurat no har dei bra med arbeid, men ordrebøkene utover hausten og vinteren ser tynnare ut.

– Så når slike kontraktar dukkar opp, er det veldig kjekt i desse tider, seier Øren.

Ifølgje nettstaden Sysla.no er dette den andre kontrakten OneSubsea har fått av Shell på eit slikt system. Pumpestasjonen vil bli plassert på 2900 meters djupne og skal bidra til å auke produksjonen frå reservoaret.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.