Hopp til innhold

Sognekraft set ned nettleiga

Frå 1. oktober i år set Sognekraft ned nettleiga. Det melder selskapet sjølv i ei pressemelding. Den reduserte nettleiga vil for ein gjennomsnittsfamilie innebere nær 1300 kroner i reduserte utgifter årleg, ifølgje selskapet. – Årsaka til at vi kan redusera nettleiga såpass mykje er først og fremst fordi vi driv godt og kostnadseffektivt, seier administrerande direktør Terje Bakke Nævdal.

Sognekraft
Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK