Hopp til innhold

Sognekraft kan vente reaksjonar frå NVE

Sognekraft har starta opp med det NVE ser på som anleggsarbeid utan løyve. Sjølv meiner Sognekraft at det ikkje er anleggsarbeid dei er i gong med i Grindsdalen i Leikanger.

BNC

PROSJEKT FJÆRLANDSFJORDEN – GRINDSDALEN: Ekstremvêret Dagmar førte i 2011 til at Fjærland var utan straum i fleire døgn. No arbeider Sognekraft med å betre kraftlinjene til brebygda (arkivbilete).

Foto: Tor Yttri / SCANPIX

– Arbeidet til Sognekraft har starta opp utan at vilkåra i konsesjonen var tilfredsstilt. Godkjenning av detaljplan er framleis under behandling. Denne må vere godkjent før me i NVE kan gje klarsignal, seier seksjonssjef for Noregs vassdrag- og energidirektorat sin miljøseksjon (NVE), Øyvind Leirset.

Ein miljø-, transport- og anleggsplan (MTA-plan) syner korleis anlegget skal byggjast i detalj. Denne skal vere på plass før anleggsarbeidet byrjar.

Utan godkjent detaljplan ville NVE ha stogga arbeidet Sognekraft var i gong med. Men Sogn og Fjordane fylkeskommune hadde allereie varsla full stopp, då heller ikkje dei hadde gjeve løyve.

Ulovleg arbeid

Det var Fylkeskommunen som fyrst oppdaga at Sognekraft var i gong med ulovleg arbeid. Kraftselskapet hadde ikkje gjennomført undersøkingar om kulturminne i området, og braut då lova ved å setje i gong arbeid.

Manglande godkjenning frå NVE, kjem altså i tillegg til manglande løyve frå Fylkeskommunen.

– Det viktigaste er å fyrst stogge arbeidet, men det kan kome andre reaksjonar i form av bøter eller kritikk. Det har me ikkje teke stilling til enno, seier Leirset.

Sognekraft

I HARDT VËR: Sognekraft lovar god dialog med både Fylkeskommunen og NVE framover.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Ikkje anleggsarbeid

– Me har starta opp med å hogge tre i traseen der kraftlinja skal byggjast ved å ta oss fram til fots. Me meiner at dette ikkje er anleggsarbeid, fortel direktør i Sognekraft, Terje Bakke Nævdal.

Han fortel at dei var klar over at detaljplanen ikkje var ferdig behandla, men at det arbeidet dei var i gong med ikkje formelt er anleggsarbeid.

Terje Bakke Nævdal

Terje Bakke Nævdal, direktør i Sognekraft AS

Foto: Bjørn Bergum

– Slik me, og juristane me har nytta, har tolka lova, vurderte me at arbeidet kunne gjerast før me hadde detaljplan klar, seier Bakke Nævdal.

Lange ventetider

No når både Fylkeskommunen og NVE har stogga arbeidet, må utbygging av kraftlinje i Grindsdalen og vidare til Fjærlandsfjorden vente. Kor lang ventetida vert, er uvisst

– Det er rett og bra at me vart stoppa då me ikkje hadde gjort undersøkingar etter kulturminnelova. No håpar me å kunne få løyva på plass og starte opp att arbeidet så fort som mogeleg.

Bakke Nævdal legg til at planlegging og godkjenning av kraftprosjekt krev mykje tolmod. Berre ei klagehandsaming med omsyn til utbygginga i Grindsdalen utført av Olje- og energidepartementet, tok fem år.

– Det er trist at det skal ta så lang tid. Frå me søkjer konsesjon og til me kan setje i gong kan det ta 10 år.

Han understrekar at dette ikkje unnskylder dei i å starte arbeid utan løyve.