Hopp til innhold

Sognekraft kjøper seg større

Med oppkjøpet av eit kraftverk i Høyanger, får no Sognekraft auka produksjonen med 10 prosent.

Sognekraft

BLIR STØRRE: Sognekraft kjøper no Dyrnesli kraftverk av AS Vadheim Elektrochemiske Fabriker.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Terje Bakke Nævdal

OPPKJØP: – Me er inne i ein aktiv fase no, seier Terje Bakke Nævdal, administrerande direktør i Sognekraft om kjøpet av Dyrnesli kraftverk.

Foto: Bjørn Bergum

– Det er viktig å veksa, og dette bidreg til at me når dei måla me har sett oss, seier Terje Bakke Nævdal som er administrerande direktør i Sognekraft.

Sognekraft kjøper no Dyrnesli kraftverk av AS Vadheim Elektrochemiske Fabriker. Dette kraftverket har ein årsproduksjon som tilsvarar årsforbruket av straum til om lag 2.500 husstandar.

– Me er inne i ein aktiv fase no. Sognekraft har ein strategi om å vekse innan kraftproduksjon, og dette er ein del av den strategien, seier Bakke Nævdal.


AS Vadheim Elektrochemiske Fabriker er ei av dei eldste industriverksemdene i Sogn og Fjordane, og starta natriumfabrikk i 1907.

Det første kraftverket i Vadheim vart opna i 1894 for å sikra straum til industrien som då var under utbygging.

Ynskjer å byggja ut eigne prosjekt

– Me har ei rekke prosjekt som er under konsesjonsbehandling hjå offentlege myndigheiter. Dette har vist seg å ta frykteleg lang tid, og me har ei utfordring med å nå måla våre for utbyggingar innan 2020, seier den administrerande direktøren.

– Difor har me sett oss rundt, og har no også ein alternativ strategi med å kjøpa opp kraftverk for å nå målet vårt om å dobla kraftproduksjonen.

Bakke Nævdal seier at selskapet byrja verte uroa for å ikkje nå måla sine innan tidsfristane dei har sett seg for utviding, og at dette er noko av grunnen til at dei no kjøper.

– Sjølv om me søkte for åtte – ni år sidan om å få utvida, så er sakene framleis under behandling. Difor er me ikkje i ein posisjon der me veit om me får lov å byggja ut dei kraftprosjekta me har i eigen regi, seier han, og understrekar at prosessar rundt vasskraft er omfattande.

Stor transaksjon

Dei håper likevel å få løyve til å byggja ut på sikt.

– Slik som det er i dag så er vi nøydd å bruke to strategiar. den eine er å kjøpa opp og den andre er å byggja ut dersom me får moglegheita til det.

Kva oppkjøpet har kosta vil han ikkje kommentera direkte, men beløpet er betydeleg:

– Dette er ein av dei største transaksjonane som er gjort her i fylket.

Ifølge Nævdal er selskapet i forhandlingar rundt fleire andre prosjekt der det vert vurdert kjøp.