Vil doble produksjonen i løpet av seks år

Sognekraft underskreiv i dag ei avtale om kjøp av Nydalselva kraftverk i Jølster. Administrerande direktør i Sognekraft Terje Bakke Nævdal har ambisjonar om at selskapet skal doble produksjonen sin fram mot 2020.

Sognekraft og Terje Bakke Nævdal

AMBISJONAR: Sognekraft og administrerande direktør Terje Bakke Nævdal (innfelt) satsar tøft, og vil doble produksjonen på seks år.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / Sognekraft / NRK

– Tida vil vise kor store vi blir, men ambisjonane er til stades. Vi ønskjer å byggje vidare på vårt kompetanseområde som er produksjon av straum, seier direktøren.

Nævdal fortel at selskapet har lagt konkrete planar for korleis dei skal klare å doble produksjonen sin.

– Vi har søkt om konsesjonar på småkraftverk og vi er i dialog med fleire kraftverkseigarar for å sjå på moglegheitene for kjøp, seier direktøren.

– Vi kan kraft

I dag har Sognekraft underteikna avtale om kjøp av Nydalselva kraftverk. Der har eigarane i likskap med eigarar av andre småkraftverk slite med å få god økonomi i kraftproduksjonen sin, grunna låge kraftprisar. Nævdal er sikker på selskapet skal endre dette.

– Vi trur at vi gjennom eit langsiktig arbeid og effektiv drift skal klare å handtere produksjonen på ein god måte, seier han.

Nævdal meiner at Sognekraft har den kompetansen som krevst for å drive kraftverket på ein lønsam måte.

– Med bakgrunn i situasjonen vi er i, både på kompetansesida og på den økonomiske sida, har vi moglegheit til å drive kraftverket og ha rimelege finansieringsløysingar, som gjer at vi kan lukkast enklare enn kraftverk som har liten eigenkapital, seier han.

– Viktig med lokalt og regionalt eigarskap

Arvid Andenæs

REGIONALT OG LOKALT: Administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane Arvid Andenæs er oppteken av at det skal vere lokalt og regionalt eigarskap i kraftselskapa.

Foto: Pressebilete

Administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Arvid Andenæs, meiner at dei varige ressursane som eit minikraftverk representerer, også bør skape varige inntekter i den bygda eller regionen det ligg i.

– At lokale eigarar kan ta ut utbytte, som dei kan bruke til nye investeringar er veldig positivt og viktig, seier han.

Andenæs observerer at det finst større selskap som er villige til å leggje pengar på bordet for å kjøpe aksjar i småkraftverka, noko direktøren meiner er positivt.

– Det er bra at det er ein marknad. Det viser at det er varige verdiar og at det ligg framtidige inntektsstraumar i desse selskapa som er av interesse, fortel Andenæs.

– At Sognekraft, som er eit regionalt selskap, kjem på bana når lokale kraftverk skal seljast er hyggeleg, og betre enn at store nasjonale aktørar kjøper opp aksjane, seier han.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.