Nigardsbreen, Sognefjellet, Jotunheimen, Styggevatnet og Fjærland – det er nok av turistattraksjonar. I dag går dei aller fleste cruiseskipa som kjem inn Sognefjorden, til Flåm, der det er bygd djupvasskai. Med aukande cruisebåttrafikk er det håp om at kommunane på nordsida og kan få ein bit av kaka.
Satsar 3 millionar
I første omgang er det ikkje snakk om å byggje djupvasskai, og kvar turistane skal takast i land skal avgjerast etter eit utviklingsarbeid som skal ta tre år. Dette arbeidet kostar vel tre millionar kroner.
100 i året
– Målet er 100 cruiseanløp i året, seier rådmannen i Luster, Terje Bakke Nævdal. Han innser at det vil ta tid å byggje opp området som ei merkevare, men han har stor tru på at dette kan ha eit stor potensiale i framtida.
Luster, Sogndal og Leikanger har søkt NHO Sogn og Fjordane om ein million kroner frå midlane som kjem som kompensasjon for bortfall av differensiert arbeidsgjevaravgift. I tillegg har dei søkt fylkeskommunen om 700.000 kroner.