Hopp til innhold

Målmaskina testa ut som forsvarsspelar

Ein radikal omskolering kan løyse landslagssjef Even Pellerud sitt backproblem før fotball-VM for kvinner. Sentralt står Elise Thorsnes (26) frå Leikanger.

Pellreud og Thorsnes

NY ROLLE: Landslagstrenar Even Pellerud (t.v.) vil teste Elise Thorsnes som venstreback før fotball-VM i Canada.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Avaldsnes-spissen vart onsdag drilla som back då VM-troppen var samla til trening i LSK-hallen.

– Eg har ikkje spelt venstreback før, i alle fall ikkje friviljug. Even lufta det i går. Eg var skeptisk først, men tykkjer faktisk det er litt gøy, seier Elise Thorsnes til NTB.

Har prøvd seks spelarar

Thorsnes vedgår at posisjonen i motsett ende av bana er noko utanfor komfortsona. Den tidlegare Kaupanger-, Arna-Bjørnar, Røa- og Stabæk-spelaren har 80 kampar og 16 mål med flagget på brystet.

– Men det er ei ordentleg utfordring, og eg likar utfordringar, seier 26-åringen.

Under VM-kvalifiseringa starta landslagssjef Pellerud med fem ulike venstrebackar. I treningskampen mot Nederland i byrjinga av april vart Maria Thorisdottir den sjette som fekk prøve seg i den ledige plassen.

– Backrolla har utvikla seg

Assistenttrenar Roger Finjord seier til NTB at landslagsleiinga ikkje vil gjere for mykje, eller for lite, av at dei manglar ein venstreback.

Men når dei prøver ein spiss med 141 mål på 179 kampar for toppserielag, så seier det litt.

– Under ei lang samling vil vi teste ulike spelarar i fleire posisjonar, men backrolla har utvikla seg, og det er meir likt å spele back og kant. Det er same kvalitetar det handlar om, og mange spelarar kan fylle begge roller, seier Finjord.