NRK Meny

Emilia har rørt heile Norge - gjer alt for si kreftsjuke lillesøster

Ei gripande historie har rørt mange folk i heile landet. Snart 14 år gamle Emilia Polbratek frå Leikanger vil gjere den siste sommaren til lillesøstera så fin som mogleg.

Emilia og Natalia Polbratek

ALT FOR SØSTERA: Emilia gjer alt for at den kreftsjuke lillesøstera Natalia skal få ein fin sommar.

Foto: Privat

Artikkelen er flere år gammel.

«Jeg har en fantastisk lillesøster på fem år som fikk kreft i januar. Nyhetene ble verre og verre, og etter en lang stund tok legene mot til seg og fortalte oss at hun bare har denne sommeren igjen å leve. Så dette er min sommer. Jeg skal tilbringe sommeren med å få min søsters siste uker til å bli så fantastiske som mulig.»

"Verdens beste sommer"

«VERDENS BESTE SOMMER»: Dette er den gripande teksten som stod på trykk i Aftenposten. (Faksimile)

Foto: Faksimile

«Rørende historie» – «Ord blir så små» – «Du rører så mange av oss» – «Aldri før har jeg lest kjærlighet beskrevet bedre».

Dette er ord som går igjen på nettet etter at mange har lest om den tøffe tida for Emilia, Natalia og resten av familien i Sogn.

Lillesøster Natalia på fem år er alvorleg kreftsjuk og legane har gitt ho svært dårlege prognosar. Den vesle jenta fekk kreftdiagnosen i januar.

I går trykte Aftenposten teksten til Emilia som har tittelen «Verdens beste sommer». Her fortel ho om korleis ho skal gjere sommaren best mogleg for den kreftsjuke lillesøstera si.

Var overalt på nettet

Ho fortel om kor lei seg foreldra er og at ho no vil spreie glede i denne vanskelege tida. Då Emilia vakna i dag tidleg, såg ho at innlegget der ho fortalde om den aller beste sommarjobben, var overalt.

– Det var på Facebook, Twitter og andre nettsider. Eg blei veldig overraska. På Aftenposten hadde eg fått utruleg mange flotte kommentarar. Eg har også fått mange meldingar på Facebook og epostar, seier ho til NRK.no.

Ho hadde ikkje trudd det skulle bli slik, for Aftenposten hadde fått inn mange innlegg som handla om den beste sommaren.

– Eg tenkte at innlegget mitt kom til å bli eit bittelite mellom alle som kom inn der. Men dei såg mitt og det er bra.

– Den viktigaste sommaren

Store aviser som VG og Aftenposten har teke kontakt og gjort intervju.

– Det har blitt så mykje merksemd, eg er ikkje vant med slikt. Eg trur det har blitt slik fordi det er ei annleis historie. Folk har ikkje fått høyre om noko slikt før. Det er ei rørande historie, det tykkjer eg sjølv også.

– Korleis er denne sommaren for dykk?

– Det blir nok den viktigaste sommaren som vi opplever. Kvar gong eg ser lillesøster mi danse eller ler, så tenkjer vi kor mange gonger til vi vil få oppleve dette. Er dette siste gongen? Kvar augneblink er veldig viktig, for vi veit ikkje om det er det siste vi får.

«Masse lykke og glede»

Mamma Monika tykkjer også at det er rart med all merksemda dei har fått i den tunge tida.

– Det er litt rart. Men dersom det hjelper Emilia å fortelje folk om korleis det går med lillesøstera si, er det bra, seier ho.

«Deprimerende sommer synes du kanskje? Å ta seg av noen før de dør ... Ikke hvis du er med denne lille solstrålen. Verdens beste sommerjobb, utan betaling, men en jobb som inkluderer masse lykke, glede og latter» - Emilia

I Legoland og dyreparken

Emilia har bestemt seg for at denne sommaren skulle ho gjere alt for lillesøstera. Difor har dei fylt dagane med mange kjekke aktivitetar. Dei har vore i Oslo, i Legoland i Danmark og besøkt ein dyrepark.

– Vi har møtte mange venner og hatt fest for Natalia i barnehagen. I dag fekk ho seg ein hamster. Ho får det ho vil, så ho blir nok litt bortskjemt, fortel storesøster Emilia.

Lillesøster Natalia har ikkje fått med seg alt som har skjedd. Men ho har vore på TV før, då NRK Vestlandrevyen laga eit innslag om klovnar som besøkte barneavdelinga på Haukeland universitetssjukehus.

– Då fekk ho masse merksemd og var litt flau over å sjå seg sjølv på TV.

Har sin eigen blogg

Venner av familien har oppretta ein konto der dei som ønskjer det, kan setje inn pengar som skal brukast til ferie.

– Det har kome inn ein del. Natalia har aldri vore i Syden, så no skal vi til Italia i august.

Emilia blir 14 år om to veker og skal snart starte i 9. klasse. Dei to siste vekene har Emilia hatt sin eigen blogg og har brukt denne til å fortelje om korleis det går.

– Den nærmar seg allereie til å vere på topp 40 på blogg.no. Eg prøver å skrive litt kvar kveld, akkurat no er det mykje å skrive om, seier ho.

13 menneske vart sendt til sjukehus med røykskadar etter brannen i Fjærlandstunnelen måndag.
For å forstå flyktningar betre, budde Katrine Sele tre år på eit asylmottak. No er erfaringane blitt bok.
I Vågsøy er naboar til badestrendene sinte fordi dei meiner at taretråling har ført til at strendene er full av tare.