NRK Meny
Normal

Sognefjorden kan få symje-VM

Den engelske symjaren Sarah Jane Hails vil jobbe for at verdsmeisterskapen i vintersymjing vert lagt til Sognefjorden i 2010.

Sarah Jane Hails er ei av eldsjelene bak Sognefjord Swim Festival, som gjekk av stabelen for første gong i fjor.

Festivalen var så vellukka at Hails no ønskjer å satse endå større, skriv Sogn Avis.

- Vi vil vere heilt avhengige av stor dugnadsinnsats, men vi treng og hjelp frå sponsorar. Eg håpar mange ser kor god marknadsføring dette er for fjorden og regionen.

VM i 2010?

Draumen er å arrangere verdsmeisterskapen i vintersymjing.

- Eg trur sjansane for det er store. Vi kan få det til alt om fire år, seier Hails.

Men akkurat no er det årets festival ho brukar mest tid på. Målet er å doble talet på deltakarar under festivalen som vert avvikla i Leikanger og Balestrand. Ein engelsk symjeklubb har alt meldt seg på. Ho ventar også deltakarar frå Finland og Russland.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.