NRK Meny
Normal

Sognefjellsvegen opnar torsdag 30. april

Torsdag klokka 12 vaknar vegen over Sognefjellet frå vinterdvalen, og opnar for trafikk igjen.

Brøyting av Sognefjellet

GJENNOMBRØYTT: Dette biletet er teke i dag, onsdag 29. april.

Foto: Mesta

– Vi har kontraktfesta opning 1. mai, men vi har hatt så god framdrift at vi no opnar 30. april seier Per Ove Fossheim, som er prosjektleiar i Statens vegvesen.

I motsetning til fleire av dei andre fjellovergangane i Sogn, som har fått svært mykje snø i år, er det bortimot som i eit normalår på Sognefjellet.

– Vi ligg meir austvendt og har ikkje fått så mykje snø, men vi har vel brøytekantar på ein fem–seks meter på det meste.

Per Ove Fossheim

SLUTT PÅ VINTERDVALEN: Per Ove Fossheim er prosjektleiar i Statens vegvesen.

Foto: Randi Indrebø / NRK

Sjølv om vegen opnar i torsdag, går det enno nokre dagar før det er trygt å køyre over på sommardekk, seier Fossheim

– Det er framleis litt issole på dei høgaste toppane, så ein bør nok behalde vinterdekka litt til om ein skal over fjellet.

Vegen vert nattestengt framover, det vil seie at den vert stengt frå klokka 20:00 til klokka 08:00.

Brøyting av Sognefjellet

IKKJE SPESIELT MYKJE SNØ: På Sognefjellet er det tilnærma normale snømengder i år.

Foto: Mesta