Hopp til innhold

Sognefjellsvegen opnar før påske

Fylkesveg 55 over Sognefjellet opnar rekordtidleg i år, melder Statens vegvesen. Fredag 12. april opnar vegen for trafikk. I og med at påska i år kjem seint i april har Vegvesenet og fylkeskommunen avgjort at vegen skal opne tidlegare enn vanleg.

Sognefjellsvegen
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK