NRK Meny
Normal

Sognefjellshytta nesten nedsnødd

Aldri før har det kome så mykje snø på Sognefjellshytta, så tidleg på vinteren. Det meiner eigar Råmund Mundhjeld.

Sognefjellshytta

STORE SNØMENGDER: Slik ser det ut på Sognefjellshytta i dag.

Foto: Råmund Mundhjeld

– På dei 16 åra eg har drive her, så trur eg ikkje eg har sett så mykje snø her oppe på denne tida av året, seier eigar Råmund Mundhjeld.

I helga er Mundhjeld, oppe for å sjå til hytta, og vart overraska då han såg kor mykje snø som er kome ved hytta som ligg 1410 meter over havet.

– Det har lagt seg store mengder rundt huset i forhold til årstida, så det ser svært lovande ut skiføret utover vinteren og sommaren, seier han.

For terrenget rundt Sognefjellshytta er attraktivt for langrennsløparar sommarstid, og fleire landslag har brukt området til trening sommarstid.

Sognefjellshytta

TROLSK STEMNING: Det lyser i ei nesten nedsnødd Sognefjellshytte.

Foto: Råmund Mundhjeld

Til taket

Utanfor hytta har dei no målt to til tre meter snø, og Mundhjeld reknar med det er langt meir i fonnene som har samla seg.

Det er ikkje uvanleg med mykje snø på Sognefjellshytta. For to år sidan var det berre pipa som stakk opp av snøen, men det var i slutten av mars.

– Det var betydeleg seinare på året enn dette. Det kan fort hende vi opplever noko liknande i år også, seier Mundhjeld.

Håpar på lang sesong

I Fanaråk Idrettslag gler formann Anders Fortun seg over all snøen som er komen. Han meiner det lovar godt for årets sommarsesong.

– For sommarskisenteret sin del, så er dette bra. I fjor heldt vi på til i midten av juli, men året før, i 2015, då heldt vi på heilt til 23. august. Dersom det ikkje blir for mykje vind og regn så trur eg vi år kan halde på til i midten av august, seier Fortun.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.