Hopp til innhold

Sognefjellet opna

Vegen over Sognefjellet er no opna for trafikk igjen etter vinterstenging. Då vegen opna klokka 10 var det allereie dei som stod å venta for å sleppe opp på fjellet.

Fylkesveg 55 over Sognefjellet

SOGNEFJELLET OPNA ETTER VINTERSTENGING: Her har brøytebilen Fanaråken i bakgrunnen

Foto: Trond Teigen

– Det stod vel ein fire- fem bilar å venta ja, Eg reknar med det er folk som skulle opp på ski, seier Trond Teigen som brøyter vegen frå austsida.

Han kan melde om stort sett fine og turre vegar, men med litt is enkelte stader og i vegkantane.

Trafikken har gått jamt og trutt etter opninga.

– På veg ned att såg eg det var kome om lag 30 bilar ved Krossbu, så det er nok ein del som vil nytte det fine vêret til ein skitur.

Den første tida no etter opninga blir vegen over Sognefjellet nattestengd mellom klokka 20:00 og 08:00.

– Det bør skituristar vere merksame på seier Arne Stadheim ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

– Dei må legge opp skituren slik at dei rekk ned igjen før vi stenger.