Hopp til innhold

Sognedialekta forsvinn

Sogningar er i ferd med å bli sunnfjordingar - i allefall språkeleg.

Sogndal

Sogndal

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

- Unge frå Sogndal skil seg ut ved at fleire ikkje nyttar ao-lyd og i staden brukar e-infinitiv, anten systematisk eller blanda med a-infinitiv. Dei seier altså jenta og sola i staden for jentao og soli, seier språkforskar Øystein Vangsnes til Sogn Avis.

Kelais, koffør og kefo

Vangsnes fortel at om ein går i ein barnehage i Sogndal eller Leikanger vil ein knapt finne nokon med tradisjonell sognedialekt, sjølv om fleire oppdagar identiteten sin og vert meir språkeleg medvitne når dei kjem i tenåra.

Forskinga er gjort gjennom usystematiske observasjonar av målet til born og ungdom frå Leikanger, og i samtale med vener og kjende i Sogndal. I tillegg har han gjort ei eiga gransking. I ei undersøking samanlikna han språket til ei gruppe tenåringar frå Sogndal med ei gruppe på omlag 40 år, med tilsvarande grupper frå Gaupne.

I tillegg til at oa-lyden i stor grad er vekke, fann han ut at unge i Sogndal nyttar andre spørjeord enn det tradisjonelle spørjeordet kest. I staden brukar dei ord som kelais, koffør og kefo.

- Felles identitet

Vangsnes trur ein av grunnane til at dei meir omfattande endringane av sognemålet skjer først no, etter over 250 års administrativ sameksistens med Sunndfjord og Nordfjord, kan vere NRK Sogn og Fjordane får.

- Det at ein fekk ein lokal kringkastar har nok vore sterkt medverkande til å byggje opp ein felles identitet i fylket. Og felles identitet kjem før eller seinare til språkleg uttrykk, seier han.

Fjærlandsvegen

I tillegg meiner han at Fjærlandsvegen kan vere noko av årsaka til at dialektane nærmar kvarandre. Det er 14 år sidan køyretida mellom Førde og Sogndal minka vesentleg.

- Slike endringar i kommunikasjonen kan ha viktig påverknad på korleis språket endrar seg. Fjærlandsvegen kan nok på sikt vere medverkande til at sognemål og fjording nærmar seg, seier Vangsnes.