Hopp til innhold

Sognebedrifter slår seg saman

Sogneprodukt, Vik ASVO og Balestrand Industrier blir eitt selskap. Det har styra og generalforsamlingane i selskapa gått inn for. Målet for fusjonen er å bli ei endå meir slagkraftig arbeids- og inkluderingsbedrift i Sogn, ifølge pressemelding frå dagleg leiar Ragnhild Fjærestad. Dei tre bedriftene er arbeidsmarknadsbedrifter og skal «jobba seg saman» utover året.