NRK Meny
Normal

Boring, barnehageplass og breiband

FOLKETS HUS (NRK): Sognebedrifta nLink gav råd til landsmøtet i Arbeidarpartiet om korleis skape gründerbedrifter i distrikta. – Kult, synest partileiar Jonas Gahr Støre.

Håvard Halvorsen og Konrad Fagertun på scena

ROSENES LEIR: F.v. Håvard Halvorsen og Konrad Fagertun i nLink tok over scena framfor hundrevis av landsmøtedelegatar i Folkets hus.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Konrad Fagertun med boredrill

BORING: Denne arbeidsstillinga vil bedrifta nLink ha slutt på. Dei har utvikla ein robot for å kunne bore i tak, slik at ein slepp muskel- og skjelettskadar.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Rett frå debatt om helsepolitikk tok over plutseleg Konrad Fagertun scena på landsmøtet med eit slagbor, klatra opp på ein stol og bora opp i lause lufta.

– Tenk å gjere dette 250.000 gonger. Det må du gjere om du skal byggje eit kjøpesenter i Norge.

Gründerbedrifta nLink med base på Fosshaugane i Sogndal har nyleg lansert ein robot som lettar denne oppgåva. Dei fekk presentere seg sjølve til hundrevis av delegatar og gjestar i Folkets hus.

Råd på vegen

– Det aller viktigaste politikarane kan bidra med er breiband og barnehageplassar. Har vi det, kan vi starte opp kvar som helst, sa Fagertun.

– I tillegg er det ekstremt viktig med inkubatorar og næringshagar. Og sjølvsagt kapital, anten gjennom Innovasjon Norge eller såkornfond. Det er ingen som har spart opp 1 million kroner til den dagen vi kanskje skal starte bedrift, supplerte Håvard Halvorsen, dagleg leiar i nLink.

Ordførarkandidat i Vågsøy og tidlegare statssekretær i næringsdepartementet, Kristin Maurstad var den som presenterte dei på scena.

– Desse karane representerer noko av det vi er aller mest stolt av i Sogn og Fjordane, sa ho til ein applauderande sal.

Gahr Støre: – Kult!

Jonas Gahr Støre tek mobilebilete

INTERESSERT: Ap-leiar Jonas Gahr Støre sikra seg mobilbilete av Kristin Maurstad og karane frå Sogndal, og delte det med sine 64.000 følgjarar på Twitter.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

På fyrste rad sat Ap-delegasjonen frå Sogn og Fjordane, og rett bortanfor sat partileiar Jonas Gahr Støre og knipsa mobilbilete som han la ut på Twitter.

Laster Twitter-innhold

Bortsett frå eit foredrag av Teknologirådet, var sognebedrifta den einaste utanfrå som fekk ta scena på landsmøtet. Partileiaren roste både dei og fylket frå talarstolen.

Trykk i fylket

– Utruleg inspirerande! På dette landsmøtet har vi høyrt innlegga frå Sogn og Fjordane. Og eg føler det er ein utruleg trykk i det fylket!

Robotgründerane hadde avslutta presentasjonen sin med eit jobbtilbod.

Viss det ikkje skulle gå som planlagt i valet, så har vi ein plass som robotoperatør her.

Gahr Støre parerte på følgande vis.

– Lukke til med borejobben. Kanskje nokon og kvar av oss vil søkje jobb der ein dag, sa han til latter i salen.

Konrad Fagertun og Håvard Halvorsen med rosebukettar

RÅD PÅ VEGEN: F.v. Konrad Fagertun og Håvard Halvorsen i nLink gav råd til Ap om gründerpolitikk. Og fekk skryt, roser og applaus i retur.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK
Vegopning på Bergum i Førde kommune