Louis Anda
Dette er eit grovt brot på menneskerettane meiner advokaten til mannen, Louis Anda. Slike avgjerder skal takast innan rimeleg tid, seier han.
- Handla i sjølvforsvar
Det var i august i fjor mannen knivstakk broren i brystet. Han har heile tida hevda han handla i sjølvforsvar, og at det var eit uhell. Men sjølv eitt år etter at politiet var ferdige med sine undersøkingar går mannen framleis og ventar på om han blir tiltalt eller ikkje. Det er ingen rimeleg grunn til at det har gått så lang tid, seier Anda.
Harald Stabell
- Kjent problem
Harald Stabell, som leiar advokatforeningens strafferettsutval seier dette er eit kjent problem i rettsvesenet.
- Høgsterett har ved eit par høve i haust slege fast at ventetid hos påtalemakta på eitt år eller meir er eit brot på den europeiske menneskerettskonvensjonen om at ein skal få behandla innan rimeleg tid, seier han
- Stor belasting
Statsadvokat Jogeir Nogva seier årsaka til den lange ventetida er at dei måtte hente inn rapportar frå fleire ekspertar i saka.
Louis Anda seier dette er ei stor belasting for klienten hans.
- Det er ei alvorleg sikting å ha hengande over seg at han skal ha drepe bror sin med vilje, seier Anda.