Hopp til innhold

Sogndalspelarar uroa for familien

Den uavklarte situasjonen i Elfenbeinskysten gjer at fotball ikkje lenger er så viktig for Sogndalspelarane Barry Kader og Ahye Aye Elvis.

Tristelle, Elvira, Ahyee Aye Elvis og Barry Kader.

UROA: Tristelle (f.v) og Elvira er saman med Ahyee Aye Elvis i Sogndal. Barry Kader (heilt til høgre) er svært uroa for kona og sonen som oppheld seg i storbyen Abidjan.

Foto: Arve Uglum / NRK

Sjølv om ivorianarane er trygge i Sogndal, pregar uroa i heimlandet kvardagen.

Fleire gonger for dagen ringer Kader heim til Abidjan for å forsikre seg om at familien hans er trygg.

- Eg seier dei må halde seg innandørs. Ute skyt dei over alt, heile tida, seier Barry Kader til NRK.no.

Fleire månadar med uro

Konflikten starta etter at den sitjande presidenten Laurent Ghagbo har nekta å gi frå seg makta, sjølv om han tapte presidentvalet i november i fjor.

Landet er no splitta og uroa har ført til at opp mot ein million menneske er på flukt frå storbyen Abidjan, medan over 100 000 menneske har søkt tilflukt i nabolandet Liberia. Onsdag er Gbagbo sitt palass under tung skyts.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ouattara-lojale soldater

KAMPKLARE: Biletet viser soldatar som er lojale mot valvinnaren Alassane Ouattara.

Foto: Rebecca Blackwell / Ap

Uroa for sonen og kona

For Kader er det spesielt tøft å følgje med på den valdelege konflikten i heimlandet.

Kona og den seks år gamle sonen hans er igjen i Elfenbeinskysten og bur i Abidjan, der innbyggjarane manglar både mat, vatn og medisinar.

- Eg ber dei om å be til Gud, men eg veit ikkje kva som skjer neste dag, seier Kader.

- Du er aldri trygg

Laurent Gbagbo i et intervju 11. januar 2011

NEKTAR GÅ AV: Lauren Gbagbo vil ikkje gje frå seg makta etter valet i november.

Foto: SIA KAMBOU / Afp
Presidentkandidat Alassane Ouattara

VALVINNAR: Alassane Ouattara vant presidentvalet i Elfenbeinskysten i november,

Foto: ISSOUF SANOGO / Afp

Medan han berre kan ringe, håpe og be, er situasjonen litt betre for lagkameraten på Sogndal, Ahyee Aye Elvis. Han fekk kona Tristelle og dottera Elvira til Norge for tre veker sidan.

- Du er aldri trygg. Du kan sitje heime, så plutselig kjem dei heim til deg og vil drepe deg, fortel Tristelle om situasjonen i heimlandet.

Alle har dei familie som framleis oppheld seg i områda som er råka av uroa.

- Foreldra mine er der og eg tenkjer mykje på dei, seier Tristelle.

Elvis sin familie har vore lenge i Norge før, og hadde dermed visum. Barry Kader fekk ikkje søkt før alle ambassadane stengde.

Konflikten splittar dei

Tristelle meiner alt vil løyse seg om den sitjande presidenten Laurent Ghagbo går av til fordel for valvinnaren Alassane Ouattara.

Men krigen mellom dei to splittar også ivorianarane i Sogndal. Elvis støttar framleis Gbagbo.

- Politikk er ikkje nokon god ting, så vi pratar ikkje mykje om det, seier Elvis.

- Politikk er galskap

Medan ekteparet står på kvar si side, og dermed ikkje snakkar om politikk, støttar Barry Kader ingen.

- Politikk er galskap som får folk til å drepe kvarandre, seier Kader.

Med kona og sonen i Abidjan prøver Kader å halde motet oppe.

- Kvar morgon når eg står opp prøver eg å vere positiv. Eg håpar alt vil ordne seg.