Fem frå Sogndal med flagget på brystet

Denne veka er fem av Sogndal sine spelarar ute og spelar for landslaga sine. Eit kvalitetsteikn, seier sportsleg leiar, Håvard Flo.

Sogndalspelarar på landslag

PÅ LANDSLAG: Mahatma Otoo skal spele for Ghana, Taijo Teniste for Estland og Bjørn Inge Utvik og Gustav Valsvik for Norge. Håvard Flo seier dette er eit prov på at spelarane held eit godt nivå.

Foto: Montasje / NRK

– Det er kjempekjekt at vi får representere inn mot landslaga med spelarane våre, og det er ein fin måte for spelarane å vise seg fram på, seier Håvard Flo.

I løpet av veka skal fem Sogndal-spelarar ut og spela treningskampar mot internasjonal motstand. Det skriv klubben på sine heimesider.

Med landslagstrøya på

Bjørn Inge Utvik og Martin Trøen er med i troppen når G18-landslaget møter Irland tysdag.

To timar seinare skal Ghana spele treningskamp mot Tyrkia. Der er sjansen stor for at Mahatma Otoo får sin andre A-landskamp i karrieren.

Onsdag tek Taijo Teniste på seg Estland-trøya si då dei møter Latvia, og Gustav Valsvik med Norge si U21-trøye på seg når dei møter Sverige.

Utvik og Trøen avsluttar landskampveka med å spele sin andre kamp mot Irland på torsdag.

Kvalitetsteikn

– Spelarane får gode erfaringar og gode referansar i desse kampane, så det er vi utruleg stolte over, seier Flo til NRK.no.

Han synest det er utruleg kjekt for Sogndal å ha spelarar som er involvert i dei ulike landslaga.

Flo meiner det er eit kvalitetsteikn at dei har unge ambisiøse spelarar som vert lagt merke til.

– Det er eit prov på at vi har unge spelarar som held eit godt nivå.

Problemfritt

Det at fem av spelarane er vekke denne veka ser den sportslege leiaren på som heilt problemfritt.

– Når dei er på landslagsoppdrag blir dei tekne vare på i aller høgste grad, og dei får vere ute og måle krefter med likesinna og samstundes få ei referanse til korleis dei ligg an internasjonalt, seier Flo.

I helga skal Sogndal spele kamp mot Sarpsborg 08, og Flo seier dei driv med førebuingar utan dei fem spelarane.

– Vi har jo ein pågåande aktivitet her med førebuing av komande kampar som kjem til helga, men det er ein del av gamet. Vi sender meir eller gjerne spelarar til landslagsoppdrag, seier Flo.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.